Hopp til innhold

Krev nye målingar

Statens forureiningstilsyn krev svar om helsefarleg avfall i Årdal og Høyanger.

Årdal metallverk
Foto: NRK

Dei to kommunane må gjere målingar av kor mykje tungmetall som vert slept ut i kommunane deira.

Det er Statens forureiningstilsyn som krev dette.

Veit lite

- For det er viktig å finne ut om det er helsefarlege utslepp, seier seniorrådgjevar Roar Gammelsæter i SFT.

Dei vil finne ut kor store utslepp det er av dei kreftframkallande tjærestoffa PAH, og andre tungmetall.

Trass i at stoffa kan vere helsefarlege, veit ein lite om dei.