UDI har vedteke å trekkje attende arbeidsløyve, fordi dei meiner det er trygt for dei å reise heim. Men sidan Norge ikkje har ein utleveringsavtale med desse landa, blir dei no gåande på sosialen i Norge. Grande Røys meiner at i ei slik sak må ein bruke sunn fornuft.
Ismail misser jobben
Ismail Salam Aziz som jobbar ved Kleven sitt verft i Førde, er ein av dei 1000 kurdarane som blir råka av vedtaket i UDI. Han har fått midlertidig opphalds- og arbeidsløyve, men fordi UDI tvilar på identitete hans og meiner det er trygt å reise tilbake til Nord-Irak, har dei trekt tilbake alle rettane hans.
Men sidan Norge ikkje har noko utleveringsavtale med desse landa, kan dei ikkje tvinga han heim, og alternativet blir sosialen i Norge. –Eit godt døme på noko må gjerast med asylpolitikken, meiner Grande Røys.
Årøen tek saka
Magne Aarøen frå Kristleg Folkeparti lovar at han vil ta det opp med sine partikollegar i Samarbeidsregjeringa over helga.