Krev ny ferje over Nordfjorden

Anders Ryssdal, ordførar i Gloppen, er oppgitt over at Statens Vegvesen ikkje vil sette inn ei ny ferje på strekninga Lote - Anda.

M/F Selje.
Foto: NRK

Det har vore store problem med kapasiteten på ruta og mange bilar kjem ikkje med på dei travlaste avgangane.

Ei ny ferje som er under bygging har kapasitet til å ta 120 bilar. Denne ferja kunne ha løyst problema på strekninga Lote-Anda.

Men seksjonsleiar i Statens Vegvesen, Eli Vik Ness, seier til avisa Firda Tidend i dag at dei må setje inn ferja på sambandet mellom Mannheller og Fodnes i staden.

- Anda-Lote har hatt ein god trafikkvekst, men når det gjeld gjenståande køyrety er problemet mindre her enn på Manheller-Fodnes, seier Vik Ness.

Halvtimes avgangar

- Dette er svært skuffande for både Gloppen og Nordfjord, seier ordførar Anders Ryssdal.

Han vil no sjå på kva alternative tiltak som kan løyse problema. Mellom anna vil Ryssdal føreslå at det vert sett opp halvtimes avgangar frå 1. mai i år.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.