Krev nullutslepp på åtte nye hurtigbåtar

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ha grønare båttrafikk, og krev no at åtte nye hurtigbåtar skal vere utsleppsfrie.

Hurtigbåtkonsept under utvikling

NULLUTSLEPP: Sogn og Fjordane skal denne hausten leggje ut 18 hurtigruter på anbod med planlagt oppstart i 2022.

Illustrasjon: Selfa

Kravet om nullutslepp på åtte nye hurtigbåtar innan 1. mai 2024 blei presentert i eit høyringsnotat til industrien denne veka.

– Dette er andre trinn i ein tretrinnsrakett, seier Øystein Hunvik, som er assisterande fylkesdirektør for samferdsel i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane skal denne hausten leggje ut 18 hurtigruter på anbod med planlagt oppstart i 2022.

Hunvik seier høyringsnotatet blir sendt ut slik at fylket allereie no kan forsikre seg om at industrien speler på lag.

30 prosent reduksjon

Enkelte aktørar hadde frå før venta nullutsleppskrav til fire hurtigbåtar, ifølgje Teknisk Ukeblad, som fyrst melde nyheita. Med det ville fylkeskommunen greidd å dekke dei lange ekspressrutene mellom Sogn og Bergen, og nå sitt eige mål om å kutte utsleppa med 30 prosent.

– Dette kjem i enden av ei politisk bestilling som fylkestinget initierte for eit par år sidan. Dei ønsker å gå for eit grønt skifte og har sett av pengar til ei slik satsing, seier Hunvik.

– Dette føreset at teknologien er moden?

– Ja, det er vår vurdering. Det er derfor vi ber om dette. Vi meiner tida er inne og støttar oss på studiar i Trøndelag som viser at det er teknisk mogleg.

LES MEIR: I Trøndelag trafikkerer seks hurtigbåtar i faste ruter langs kysten. Utsleppa frå disse seks svarar til svimlande 1000 bussar.

– Avgjerande for klima

For to år sidan tok Trøndelag fylkeskommune initiativ til å utvikle ulike konsept for korleis ein klimanøytral hurtigbåt kunne sjå ut. Bak låg kravet om å gjere noko med utsleppa frå hurtigbåttrafikken langs norskekysten.

– Dette er heilt avgjerande for klimaet vårt. Vi veit at hurtigbåtar er det som slepp ut aller mest, meir enn fly, uttala samferdselsdirektør i Trøndelag, Erlend Solem, som samanlikna utviklinga av dei utsleppsfrie hurtigbåtane med «science fiction».

Denne månaden blei vart fem ulike forslag presentert i Stjørdal. I tre av løysningsforslaga var hydrogen hovuddrivstoff.

Meiner norske aktørar vil kome på bana

Samtidig er leiande aktørar innan hydrogen denne veka samla til verdas største internasjonale maritime hydrogenkonferanse i Florø. Blant initiativtakarane er Trond Strømgren i hydrogenklynga Ocean Hyway Cluster (OHC).

Eitt av prosjekta deira handlar om å legge til rette for å gjere hydrogen tilgjengeleg langs norskekysten.

– Enn så lenge – gir det meining å sette hydrogendrivne skip i drift om hydrogenet fyrst må fraktast heile vegen ifrå kontinentet?

– Ja, det gir meining i ei oppstartsfase for å vise at teknologien er der, og for å komme i gang, seier Strømgren.

Norske aktørar som ønsker å produsere hydrogen vil tidsnok komme på bana, meiner han.

– Eg trur at så fort behovet er skapt, vil produsentar lage hydrogen og levere til ein kommande marknad.