Hopp til innhold

Krev noko att for å bli med i kystkommune

FLORØ (NRK): Flora og Vågsøy sin draum om ein stor kystkommune er likevel ikkje lagt daud. Men Bremanger krev å få noko att, dersom dei motvillig skal bli med.

Kristin Maurstad, Audun Røys og Ola Teigen

TUNG Å LOKKE: Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad og Flora-ordførar Ola Teigen vil svært gjerne ha med seg Bremanger og Audun Røys (midten) i ein storkommune på kysten.

Foto: Bård Siem / NRK

– 75 prosent av innbyggjarane i Bremanger seier at dei ikkje ønskjer ei kommunesamanslåing. Flora og Vågsøy må vere villige til å gi noko til Bremanger, dersom ein skal vere interessert i ein kystkommune, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger kommune.

Måndag møttest styringsgruppa og prosjektgruppa for det såkalla kystkommune-alternativet til drøftingar i Florø.

Tom Joensen

KLART MANDAT: Signala frå innbyggjarane er tydeleg. Bremanger verkeleg få noko att, om innbyggjarane skal seie ja til kommunesamanslåing, trur rådmann Tom Joensen.

Foto: Bård Siem / NRK

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) og Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) vil gjerne ha med Bremanger. Kommunen har så langt nærmast lege som ein bremsekloss mellom dei to kystbyane Florø og Måløy. Særleg i Florø har iveren vore stor for å få til ein kystkommune, i staden for å rette blikket innover i Sunnfjord mot Førde.

Lunkne, men går på møte

Bremanger-rådmannen legg ikkje skjul på at det skal mykje til for at ein kystkommune skal bli interessant nok for Bremanger. Joensen viser til at kommunen har gjennomført eit forstudium der ein har hatt brei politisk deltaking. Arbeidstakarorganisasjonar har vore med, og det er gjennomført seks folkemøte i tillegg til innbyggjarkartlegging.

– Det betyr at det må ligge ei oppside for Bremanger her, om kva kan vi oppnå med kommunesamanslåing. Den oppsida må vere veldig klar, om dette skal vere aktuelt for Bremanger, trur Joensen.

Han strekar under at kommunen førebels ikkje har stilt krav til kva ein eventuelt ønskjer seg som motyting.

– Vi bidreg med informasjon og er med å diskuterer her, så får vi sjå kva dei andre er villige til å vere med på, seier rådmannen.

Kystkommune-samtalar

SNAKKAST: Bremanger vil helst vere åleine, men stilte til samtalar med Flora og Vågsøy i Florø måndag.

Foto: Bård Siem / NRK

Skrikande entusiastisk er heller ikkje nyvald ordførar i Bremanger, Audun Røys (H).

– Konklusjonen i vår eiga utgreiing er at vi klarer oss veldig godt åleine. Men som alternativ to seglar kystkommunen opp. Då må vi vere med og prate med naboane våre. Så får vi sjå kva vi får ut av det, seier han til NRK.

Lovar – men veit enno ikkje kva

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap), som framleis også stiller på møta om eit stor-Sunnfjord saman med Førde, kjenner seg trygg på at den litt motvillige naboen i nord vil få noko att i ein kystkommune.

– Vi skal forhandle framover og så kva vi kan einast om. Her må alle gi og ta. Bremanger vil ligge midt i smørauget i ein slik kystkommune, så eg trur oppsida for dei vil vere betydeleg, lovar Teigen.

Lovnadar kjem også frå Vågsøy sin ordførar.

– Eg synest det er veldig positivt at Bremanger er med i samtalane. Det er det viktigaste nett no.

– Kva kan de konkret gi Bremanger?

– Så langt er vi ikkje komne enno. Men eg er sikker på at her blir det mykje som skal fordelast når vi tre kystkommunane skal slå hovuda i hop. Eg er ganske sikker på at det blir mykje sukker til Bremanger også, seier Kristin Maurstad (Ap).