Hopp til innhold

Gjer nok eit forsøk på å nå fram til Statoil

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes krev på ny møte med toppleiinga i Statoil, for å drøfte nedbygginga av oljebasen i Florø.

Kjelsnes og basen

SLEPP IKKJE TAK: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier at Statoil ikkje slepp unna med å seie at dei vil skape ein vinn-vinn-situasjon, for så å berre skape ein vinnsituasjon for dei sjølve.

Foto: Noralv Pedersen/Ottar Starheim / NRK

– Statoil har sagt heile vegen at dei ville skape ein vinn-vinn-situasjon, førebels ser vi berre vinn-situasjonen til Statoil og ikkje Sogn og Fjordane, seier Kjelsnes.

I fjor haust bestemte Statoil seg for at store delar av forsyningsaktiviteten frå oljebasen i Florø. Det skal skje frå neste sommar. Selskapet flyttar forsyninga til Mongstad og Dusavik, og 150 årsverk forsvinn frå Florø.

Ikkje lukkast så langt

– Dei lova oss ein open dialog, samt ein vinn-vinn-situasjon, og det slepp ikkje Statoil unna, seier fylkesordføraren.

Ho har tidlegare prøvd å få til eit møte med øvste leiing i oljeselskapet, men har så langt berre lukkast med å møte leiing på lågare nivå.

– Eg synest det er ganske frustrerande å over lang tid gå rundar med Statoil på eit visst leiarnivå, men som berre ser sitt smale ansvarsområde, og som ikkje har mynde i den store heilskap. Eg ønskjer å snakke med leiing på eit høgare nivå. Det vil seie dei som har ansvaret for utvinning av norsk sokkel, slik at ein kan sjå ting i samanheng, seier Kjelsnes.

Gir ikkje opp

Førebels har ho ikkje fått respons på kravet, der ho blant anna har sagt seg villig til å møte leiinga i høve oljemessa i Stavanger i august. Kjelsnes seier at Statoil jobbar med fleire endringar, nokre som kan gå i pluss, blant anna når det gjeld røyrhandtering. Difor meiner ho det er viktig å ikkje sleppet tak.

– Statoil, med alle dei føringar som ligg frå Stortinget, burde sjå at det skal auke aktiviteten i Sogn og Fjordane, ikkje redusere den.