NRK Meny
Normal

Krev momsfri Stad-tunnel

- Momskrav skal ikkje stoppe Stad-tunnel, seier Leif Helge Kongshaug.

Tegning Stad Skipstunnel
Foto: KYSTVERKET / SCANPIX

Kongshaug meiner at Stortinget snarast bør endre reglande slik at ein skipstunnel gjennom Stadlandet slepp å betale 400 millionar kroner i moms. Med dagens reglar slepp ein moms ved vegutbygging medan ein slik skips-tunnel må betale. Dette meiner han er heilt feil.

- Samfunnsnytte

- Det er ikkje logikk i det i det heile. Dette må sjølvsagt forandrast. Om dette er forankra i ei lov, må regjeringa komme til Stortinget for å få behandla saka , seier han.

- Samfunnsnytten er like viktig for Vestlandet, som ei høgfarts jernbane på Austlandet. No er dette utreda nok, og no må vi få sluttført dette og gå frå ord til handling, seier Kongshaug.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.