NRK Meny
Normal

Krev millionar på bordet for dei minste bøndene i landet

I dag leverer bøndene sitt krav til regjeringa i landbruksoppgjeret, og lokale bondelagsleiarar krev eit solid løft for dei minste gardane i landet.

Anders Felde

KLARE KRAV: Bondelagsleiar Anders Felde vil ha fleire hundre millionar på bordet for dei minste bøndene.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi har klare forventingar om at det skal vere eit oppgjer som kjem dei små og mellomstore bruka til gode. Det vil seie dei små strukturane med inntil hundre vinterfôra sau, dei minste buskapane med kyr og dei minste areala.

Det seier Anders Felde, leiar for Sogn og Fjordane bondelag. Han er ein av fleire lokale tillitsvalde som har spelt inn krav om at det er småbøndene sin tur denne gongen.

– Vi håpar vi har fått gjennomslag for det fordi mange andre i Norge har vore opptekne av det same. Vi har dokumentasjon på at det berre er dei store som har fått eit løft, og det er bra for dei. Men no er det dei mindre bruka sin tur, og det er vi heilt avhengige av, seier Felde.

Har prøvd å påverke

Det har dei siste dagane vore forhandlingar mellom Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag for å finne eit felles forhandlingsgrunnlag med regjeringa. Kva som blir lagt fram av krav i dag, er Felde usikker på.

– Eg veit offisielt veldig lite. Men vi har prøvd å påverke i ei retning, og mange har gjort det same som oss. Eg håpar det er eit oppgjer som prioriterer budsjettmidlar som gjer at dei minste og mellomstore bruka får eit inntektsløft.

– Kva summar snakkar vi om då?

– Det må nokre hundre millionar på plass, men det er veldig skummelt å bli med diskusjon om pengar, for då kan ein ta meg med buksa nede i neste sving, så det gjer eg ikkje, dessverre.

Fekk 400 mill i fjor

Ei undersøking avisa Nationen har gjort, syner at halvparten av bøndene meiner at regjeringa sin landbrukspolitikk har påverka dei negativt økonomisk.

I dei to siste landbruksoppgjera fekk bøndene om lag 400 millionar frå staten, medan dei fekk over 1,2 milliardar i det siste oppgjeret frå den raudgrøne-regjeringa.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.