Hopp til innhold

Krev millionar av Lommemannen

Ein 57-åring frå Bergen står neste veke på tiltalebenken som Lommemannen. Til saman 66 gutar har store pengekrav i overgrepssaka.

Lommemannen
Foto: Novemberfilm as / NRK

Måndag startar rettssaka mot 57-åringen som politiet meiner er den mykje omtala Lommemannen.

Han står tiltalt for overgrep mot 66 gutar, og alle har fremma store oppreisingskrav, skriv dagbladet.no .

- Overgrep i Førde og Skjolden

Krava skal variere frå 100.000 til 200.000 kroner, og totalt kan summen komme opp i nesten sju millionar.

Den såkalla Lommemannen skal ifølgje tiltalen mot mannen ha gjort fleire overgrep mot gutar i Sogn og Fjordane, mellom anna i Førde og Skjolden i Luster.

Hadde stor formue

Lommemannen har tilstått om lag 20 av overgrepa . 57-åringen hadde i fjor ei skattbar formue på over 11,6 millionar kroner, og politiet sytte allereie like etter arrestasjonen i januar for å fryse store delar av denne.

Saka sprenger tingretten

Rettssaka er gjenstand for stor merksemd , og det er venta at opp mot 50 journalistar, eit dusin fotografar og fleire rettsteiknarar vil ta plass i Follo tingrett medan saka pågår.

Grunnen til at saka går i Follo tingrett, er at etterforskinga vart sentralisert til Follo politidistrikt og leia av politimesteren i Follo, Arne Jørgen Olafsen.