Hopp til innhold

Krev mellombels stopp i all kraftutbygging

FØRDE (NRK): Naturvernforbundet krev mellombels stopp i all kraftutbygging inntil det blir gjort meir omfattande kartlegging av miljøskadelege konsekvensar.

Erik Solheim

ENGASJERT: NRK møter Solheim langt inne i Angedalen i Førde. Regnbyene kjem titt og ofte, men 69-åringen jobbar i berre skjorta med å rette opp og restaurere eit gammalt stabbur. Denne type arbeid har den tidlegare lektoren halde på med dei siste åra. Engasjementet for natur og miljø er minst like stort som før.

Foto: Bård Siem / NRK

– Konsulentarbeid i samband med kraftutbyggingar er ofte altfor dårleg, seier naturvernveteranen Erik Solheim, som no sit i vassdragsvernrådet i Naturvernforbundet på nasjonalt plan.

Etter å ha leia Norges Naturvernforbund i ni år, gav Solheim seg som leiar i 2005. Engasjementet for natur og miljø er minst like sterkt som før.

Vil ha tilleggsgranskingar

No kjempar Solheim saman med Naturvernforbundet for at natur- og miljøomsyn blir teke meir på alvor i kraftutbyggingssaker.

– Vi krev at handsaminga av dei sakene som NVE har på bordet blir stoppa, og at det blir kravd tilleggsgranskingar i alle saker, seier Solheim.

Private konsulentar eller forskarar blir ofte leigde inn av utbyggarane for å lage rapportar som blir ein del av avgjerdsgrunnlaget i utbyggingssaker.

På landsplan er det om lag 300 saker Solheim og Naturvernforbundet no vil stoppe.

Strid om utbygging i Breim

I Breim i Sogn og Fjordane sa NVE nyleg nei til ei omfattande kraftutbygging etter at det i ein tilleggsrapport vart gjort fleire interessante funn. I den nye rapporten, som vart finansiert av to grunneigarar, vart det i motsetning til i konsekvensutgreiinga funne ein vesentleg høgare tettleik av aureungar og indikasjonar på at storauren nyttar Breimselva som gyte- og oppvekstområde.

– Det er tydeleg at konsulentarbeidet har vore for dårleg, seier Solheim.

Han lurer på om konsulentane har for dårleg kunnskap eller for lite tid til å gjere ein god jobb.

– Så går det an å spekulere i om at konsulentane lagar rapportar som utbyggarane vil ha, slik at dei får nye oppdrag.

Så går det an å spekulere i om at konsulentane lagar rapportar som utbyggarane vil ha, slik at dei får nye oppdrag.

Erik Solheim

Avviser kritikken

Det er selskapet Rådgjevande biologar som har stått for den fiskefaglege utgreiinga i samband med den planlagde utbygginga i Breim.

Dagleg leiar i selskapet, Geir Helge Johnsen, avviser kritikken frå Solheim.

– Det arbeidet vi har gjort er fagleg forsvarleg. Det er gjort etter alle objektive retningsliner og Erik Solheim tek feil.

– Dersom vi skulle byrje å levere kjøpte og betalte rapportar kvar einaste gong, ville vi mista all tillit i forvaltningsapparatet og vore utan jobb nokså fort. Vi held oss til det faglege, så får Naturvernforbundet meine kva dei vil, seier Johnsen.

Det arbeidet vi har gjort er fagleg forsvarleg. Det er gjort etter alle objektive retningsliner og Erik Solheim tek feil.

Geir Helge Johnsen

Forskjellige resultat

Solheim viser til at Naturvernforbundet i to ulike kraftutbyggingar har fått gjort tilleggsundersøkingar.

– I begge tilfella vart det oppdaga ei rekkje truga artar som ikkje var kjende tidlegare.

– Dette samsvarar veldig godt med resultatet i ein rapport som NVE fekk laga, der det vart gjort oppsiktsvekkjande funn i nesten alle dei 20 sakene som vart undersøkte, seier Solheim.

Avviser stopp

Avdelingsdirektør i NVE, Rune Flatby, avviser kravet om mellombels stopp i alle kraftutbyggingssaker.

– Vi er underlagt veldig omfattande høyringsprosessar nettopp for at ulike partar skal få kome med innspel og kommentere behov for utgreiing. På denne måten blir avgjerdsgrunnlaget tilstrekkeleg, seier Flatby.

Han avviser at rapportane som blir laga i samband med kraftutbyggingar jamt over er for dårlege.