Hopp til innhold

– Kravet er godt tilpassa landbruket i fylket

Bondelaget og småbrukarlaget er ikkje einige om kor vidt kravet til årets landbruksoppgjer er bra for fylket.

Leverte bondekrav

GODT ELLER DÅRLEG?: Magnar Juklestad (t.v.) og Anders Felde har ein stor jobb å gjere for å nå fram til politikarane med kravet sitt.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er eit moderat krav, og vi har tatt omsyn til dei andre lønnsoppgjera og samfunnsutviklinga generelt. Det er også innretta mot våre målområde. Kravet tar dessutan att noko av etterslepet mot andre grupper og lønnsutvikling. Det seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

I dag leverte bøndene kravet til landbruksoppgjeret på 860 millionar kroner. Både i 2014 og 2015 enda oppgjeret på 400 millionar frå staten. No håpar Felde organisasjonen når fram med kravet.

Anders Felde

MÅ JOBBE HARDT: Fylkesleiar i Bondelaget, Anders Felde, må jobbe hardt og godt den kommande veka for å få kravet gjennom.

Foto: Marita Skeie / Sogn og Fjordane Bondelag

Meir samanslåing

– Vi har jobba i eit år med å tilarbeide politikarar og vårt eige bondelag for at mest mogeleg av tiltaka er innretta mot våre område.

Felde peikar på at det i kravet frå bøndene går på struktur og at det no er dei minste som skal få mest.

– Det gjeld både til kyr, geir og sau. Det andre grepet er at det er sett tak på dei største besetningane innan dyreslag og innanfor areal. Så ein har gitt ei retning i forhold til at ein må heve dei små og mellomstore bruka i forhold til korleis pengane vert brukt.

No håpar han at staten er med på notane og meier det er gode sjansar.

– Vi kan ikkje miste trua! Denne veka har vi jo sjansen til å påverke politikarane. Vi føler vi har i større grad enn før at dei har tatt innover seg situasjonen.

Synest ikkje kravet er godt

At dei små blir tilgodesett, er ikkje nok for fylkesleiar i Bonde- og småbrukarlaget, Magnar Juklestad.

– Vi stilte sterkare krav lokalt enn det som er presentert. Når Felde snakkar om at det er bra struktur så er tillegga veldig små. Så det er veldig mykje eg er misfornøgd med, så det vil eg seie ifrå om. Vi må ikkje bøye oss etter dette.

Han meiner småbrukarlaget ikkje er blitt høyrde gjennom dei krava som er presenterte.

– Nei, botnfrådraget er eit viktig eksempel. Nokre bruk har styrka seg gjennom dei siste åra, som samdriftene. Men eg trur ikkje dei har god råd for dei har stor gjeld. Det vi har meint er at eit visst pristillegg hadde vore hjelp i.

Reknar med eit dårlegare oppgjer

Men om småbrukarlaget kjem til å bryte forhandlingane er han likevel ikkje sikker på.

– Vi har sett korleis staten har operert dei siste åra. Så vi kan rekne med eit enno dårlegare oppgjer i år. Regjeringa skal løyse utfordringar som flyktningkrise, forsvaret og mykje anna. Så eg ser litt mørkt på dette.

Felde på si side understrekar at kravet er forhandla fram av begge organisasjonane.

– Heile næringa står brak kravet og det må ein ta omsyn til. Det må jobbast hardt inn mot politikarane. Noko av problemet er at eit moderat krav slik at det er avgrensa kva ein får gjort.