NRK Meny
Normal

Krev meir statlege midlar til kartlegging av flaumfare

Fleire tek no til orde for eit sterkare statleg engasjement i få ein betre oversikt over flaumfare, ikkje minst på Vestlandet. Det er i dag kommunane sitt ansvar å ha oversikt over kva som kan skje dersom det kjem nye, store flaumar i framtida.

Regnvêr i Flåm
Foto: Jan Christian Jerving

No må staten inn med meir midlar til dette, krev stortingsrepresentant Ingrid Heggø.

– Dersom du skal legge ansvaret på einskild kommunar, så trur eg det vil bli svært vanskeleg for mange. Eg meiner staten må ta tak i dette, og at det må følge pengar til å kartlegge.

LES ALT SOM STORFLAUMEN HER

Det er i dag kommunane som har ansvaret for å vite kva område som er i fare når klimaet er i endring. Men rundt om landet er det svært varierande kor langt ein har kome med kartlegging og planlegging for framtidige storflaumar.

Flaumar som kanskje blir enda større enn dei vi har sett i mellom anna Flåm og Odda dei siste dagane. Stortingsrepresentant Ingrid Heggø meiner at staten må ta ein større del av ansvaret for dette.

Treng pengar og kompetanse

Ingrid Heggø

TRENG BÅDE PENGAR OG KOMPETANSE: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Staten må kome med både pengar og kompetanse til oss, for vi kan ikkje forvente at den einskilde vesle kommune skal kunne sitte med ein slik kompetanse, som sjeldan blir brukt. Det må nok til meir hjelp enn berre pengar.

I Flåm har flaumoffera vanskeleg for å forstå det dei har opplevd.

– Eg ser jo bileta, og eg var jo der og såg det, men det var jo så uverkeleg at eg har vanskeleg for å akseptere det. Det fortalde ein av dei som måtte rømme frå flaumen i Flåm, Terje Hilstad.

Flåmsdalen, der han bur, er kartlagt med tanke på skadeflaum. Slik visste Aurland kommune tidleg kva område som ville bli hardast råka.

Treng gode planar

Anne Britt Leifseth, avdelingsdirektør SV

NYE VURDERINGAR: Anne Brit Leifseth er avdelingsdirektør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Foto: Stig Storheil / NVE

– Godt planverk og gode kunnskapar meiner eg er heilt essensielt for å kunne møte morgondagens klima. Det seier avdelingsdirektør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Anne Brit Leifseth.

NVE har dei siste åra kartlagt 130 av mange tusen vassdrag i Norge med tanke på flaumfare. Men dei vil no vurdere dette på nytt.

– Det kan absolutt vere at fleire strekker bør kartleggast. Ikkje minst så er det snakk om å revidere allereie kartlagt område, og kanskje då særleg med tanke på nytt klima.

– No gjer vi ein gjennomgang for å sjå på strekker som bør reviderast, og ser det i samanheng med auka nedbørsmengde.

Kommunane sitt ansvar

Olje- og energiminister Tord Lien (Frp)

KOMMUNANE SITT ANSVAR: Olje- og energiminister Tord Lien (Frp)

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Olje- og energiminister Tord Lien frå Framstegspartiet besøkte i går dei flaumråka områda på Vestlandet, mellom anna Aurland og Flåm. Han peikar på at i framlegget til statsbudsjett for 2015 er arbeidet med flaumsikring styrka med 40 millionar kroner. Men det er kommunane sitt ansvar å kartlegge utfordringane med framtidige flaumar, seier Lien.

– I dag er dette ei svært tydleg kommunalt ansvar. Det ansvaret forventar eg faktisk at kommunane tar, og sørger for at ein har flaumsonekart. Det er eit heilt naudsynt verkemiddel for god arealplanlegging. Arealplanlegging er og blir eit kommunalt ansvar, det trur eg alle norske ordførarar vil vere samde med meg i. Då er det også eit kommunalt ansvar å sørge for at ein har flaumsonekartlegginga på plass.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø er i alle fall overtydd at det må gjerast meir for å førebu seg på meir nedbør og dermed fleire skadeflaumar i framtida.

– Det er sjeldan det skjer, men vi ser jo at det skjer oftare og oftare. Klimaendringa er nok eit faktum, slik vi må byrje å tenker annleis og vere meir førebudde.



Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser