NRK Meny
Normal

Hevdar politi-kutt går ut over tryggleiken til folk i distrikta

Dårleg økonomi gjer at utrykkingstida for politiet i Sogn og Fjordane kan bli lenger enn før. No krev fagforeiningstopp handling frå regjeringa.

Kjetil Drange

KREV HANDLING: Leiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange, meiner det er eit politisk ansvar å gjere politiøkonomien i distrikta betre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Her er det publikum som blir skadelidande, så får vi håpe at det ikkje får direkte konsekvensar. Men indirekte blir dei jo råka i og med at utrykkingstida blir lenger, seier leiar for Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange.

Dårleg økonomi i det lokale politidistriktet gjer at ein no brukar såkalla forskyving for å fylle opp beredskapen.

– Lenger responstid

Det vil i praksis seie at dersom ein av tenestemennene i ei patrulje blir sjuk eller må vere vekke av andre grunnar, blir det ikkje beordra inn ein annan frå same kontoret. Dermed må ein tenestemann frå ei anna patrulje reise ut for å fylle opp den tomme plassen, dersom noko alvorleg skulle skje.

– Ofte bur jo desse eit stykke frå kvarandre, og det er ikkje uvanleg at det kan vere opp til ein time. Då skal først desse møtes for å danne ein ny patrulje, og då er vi alt bakpå med responstid på minimum ein halv time dersom dette skjer midt mellom dei, seier Drange.

Opplever det som frustrerande

Han meiner at sentrale politiske styresmakter må ta ansvaret for den dårlege økonomien i politi-Norge. At det dessutan går mange nyutdanna politifolk rundt utan å få jobb i etaten, er også eit problem for tryggleiken til folk flest, meiner fagforeiningsleiaren.

– Vi har ledig politikraft i Norge som søkjer på stillingar, men det er ikkje økonomi til å tilsetje desse. Difor har eg sett på dette paradoksale i at mange er utdanna og at det er skrikande behov for politifolk i distrikta for å halde oppe den gode beredskapen, men så er det ikkje pengar til å tilsetje desse, seier Drange.

– Opplever du dette som frustrerande?

– Dette er ein stilltiande aksept frå politikarane om at det er slik dei vil ha det. Norge er eit rikt land, og det kan ikkje vere vanskeleg å få løyvd pengar til at vi får brukt den kapasiteten som er, meiner Drange.

Anders Anundsen

SLÅR TILBAKE KRITIKKEN: Justisminister Anders Anundsen meiner at kritikken frå Drange skyt over mål.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Meiner det er løyvd nok pengar

Justisminister Anders Anundsen (Frp) er heilt usamd i kritikken frå Drange. Han undrar seg over korleis fagforeiningsleiaren opplever politiet i dag.

– Grunnen til undringa var at det erfarne PF-leiaren hevdar at det ikkje blei tildelt midlar til å tilsette nye politibetjentar i samsvar med talet som blir uteksaminert frå politihøgskulen. Det er nemleg direkte feil, hevdar Anundsen.

Han peikar på at regjeringa har føreslege nok pengar til å fullfinansiere tilsetjing av alle frå uteksaminerte frå politihøgskulen i 2014 i løpet av året. Det vil føre til ein netto auke i talet polititilsette på om lag 350 personar, seier justisministeren.

– I tillegg er det gjennomført fleire tiltak for å frigjere politistillingar ved å tilsetje sivile til å gjere oppgåver politifolk måtte gjere før. Difor opplever no nokon av dei som gjekk ut av politihøgskulen i 2014 at dei blir forbigått av dei som gjekk ut tidlegare, seier Anundsen.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast