Hopp til innhold

Krev meir pengar til Helse Førde

Fylkesordførar Nils R. Sandal er uroa over sjukehussituasjonen i Sogn og Fjordane.

Helse Førde må spare 60 millionar kroner, men departementet har lagt klare avgrensingar på kvar føretaket kan kutte for å spare inn pengar.

No vil fylkesordføraren samle alle krefter for å krevje meir pengar frå regjeringa.

- Eg trur det er viktig at vi samlar fylket bak dette kravet, slik at vi ikkje får ein opprivande indre kamp i fylket, seier han.

Sette foten ned

Helse Førde er pålagt å spare 60 millionar kroner i løpet av dei kommande to åra. Torsdag vedtok styre dramatisk kutt, mellom anna bestemte dei seg for å redusere fødeavdelinga på Eid til ei jordmorstyrt fødestove. Men fredag sette Helse Vest foten ned, og tvinga dei til å gjere om på vedtaket.

Fryktar svekka tilbod

Fylkesordførar Nils R. Sandal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dermed er både nærsjukehuset i Florø, føden i Lærdal og fødeavdelinga i Eid freda, og kutta må kome andre stader. Torsdag vedtok også styret å redusere ortopedien i Lærdal til poliklinikk og kutte totalt 20 medisinske senger. No fryktar fylkesordføraren at dette vil svekke heile helsetilbodet i Sogn og Fjordane.

- Eg tykkjer dette er dramatisk, for dette kan få veldig uheldige følgjer for folket i Sogn og Fjordane, seier Sandal.

- Kva tykkjer du om at departementet ikkje har komme på banen?

- Eg meiner at dei også har eit ansvar her. Vi må få ein skikkeleg dialog mot regjeringa, departementet og Stortinget for å få auka løyvingane til Helse Vest og Helse Førde, seier han.