Hopp til innhold

Krev meir pengar på bordet om Florø skal klare å hevde seg i toppen

FLORØ (NRK): Florø-trenar Terje Rognsø vil kutte kraftig i talet på spelarar og krev langt meir pengar på bordet dersom FSK skal klare å nå målet om å hevde seg i toppen.

Florø-trenar Terje Rognsø om framtida for klubben

KLAR I TALEN: Florø-trenar Terje Rognsø meiner at fotballsatsinga i kystbyen må spissast kraftig. FOTO / REDIGERING: Truls Kleiven

Florø - Kongsvinger 2-2

Florø Sportsklubb er i år langt unna toppen i si avdeling i 2. divisjon. Sjølv om dei framleis ikkje har tapt på heimebane, er det langt fram til dagens motstandar Kongsvinger. Laget frå Hedmark ligg uvanleg godt an til å sikre seg opprykk til 1. divisjon med sine 43 poeng.

No tek Terje Rognsø bladet frå munnen og legg ikkje skjul på at det må til ei heilt anna satsing i kystbyen dersom FSK skal vere med å kjempe om opprykk i seinare sesongar.

– For mange i seniorstallen

– Vi ser jo at vi ikkje kan halde på slik om vi skal ta vidare steg. For det første så må vi ha eit meir skilje, vi må etablere ein A-stall og bli meir brutale med å gje beskjed om at "du er med der og du er med der", seier Rognsø.

Dermed seier han klart frå at dagens lag-politikk med ein svært brei seniorstall og tre seniorlag ikkje lenger kan halde fram.

– Eg trur ikkje vi kan ha 50 spelarar som vi har ansvaret for. Det tek for mykje tid, og ein får ikkje fokus på det ein bør ha fokus på, meiner den røynde trenaren.

Nicklas Frenderup

GOD KAMP: Målvakt Nicklas Frenderup har stått fram som ein av FSK sine beste spelarar denne sesongen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Må ha meir pengar

Men kanskje det viktigaste blir å få eit langt større budsjett på plass for ei satsing på toppfotball i Florø. Kongsvinger har åleine eit budsjett på 11 millionar for A-stallen.

– Skal ein løfte det til noko meir må vi løfte budsjettet. Vi har gått frå ein totalomsetning i klubben frå tre millionar til seks millionar, men sjølv det er til dømes fire millionar bak Førde. Vi må ha meir om vi skal kome vidare, slår Rognsø fast.