Hopp til innhold

Krev meir film ut av Oslo-gryta

Den aller første filmmeldinga nokosinne for Vestlandet er krystallklar på at dei er leie av å vere veslebror til Oslo.

Olaf og Kristoffer i Frost

VIL HA DET: Filmen Frost er blitt ein suksess og filmmiljøet på Vestlandet vil gjerne sjå fleire slike filmar med natur frå Vestlandet i framtida.

Foto: Ap

– Vi har klare forventingar om at denne filmmeldinga vil føre til endringar, seier Stine Tveten som er leiar for Vestnorsk filmsenter.

Vil ha meir av filmkaka

Eivind Tolås og Einar Loftesnes

VILLMARK: Einar Loftesnes (t.h)er i gong med spelefilmen Villmark 2, og meiner det er viktig at filmbransjen på Vestlandet får midlar over tid slik at fleire kan ha film som fast jobb.

Foto: Lars Løge

Rapporten «Eventyrland», som er laga på oppdrag frå Vestlandsrådet, har fleire konkrete krav.

Hovudfunna er at filmbransjen i Noreg er geografisk konsentrert rundt Oslo- området. Dei meiner den nasjonale filmkommisjonen bør bli lagt til Vestlandet, dei vil ha nasjonalt kompetansesenter for dokumentarfilm, og det bør byggast opp eit alternativt filmmiljø på Vestlandet som er like sterkt som det som er på Austlandet i dag.

– Får ein arbeide med noko på heiltid vert ein sjølvsagt betre. Men det har ikkje vore slik at det har vore økonomi til det på Vestlandet. Det håpar eg endrast snart, seier Einar Loftesnes frå Sogndal.

Her kan du lese saksutgreiinga til fylkesutvalet om saka

Nasjonale føringar i juni

Han har vore i filmbransjen i 20 år. Berre dei ti siste åra har han kunne arbeidd hundre prosent med dette.

– Eg har eige selskap no, og er i gong med spelefilmen «Villmark 2». Men eg må ha andre filmprosjekt i tillegg for klare å halde hjula gåande, seier han.

Den nasjonale filmmeldinga vert arbeidd med no, og vert lagt fram av kulturdepartementet i juni. Norsk filminstitutt vil ikkje kommentere den nye rapporten frå Vestlandet før den tid.

Norsk filminstitutt, NFI, hadde i fjor 415 millionar dei delte ut til alt frå dokumentarfilmar til TV-drama. Dei held til i Oslo. Fuzz er eit regionalt filmfond som held til i Bergen. Det er eigd av Bergen kommune som finansierer drifta saman med Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland.

Film er lik inntekt

Dagleg leiar Lars Leegaard Marøy meiner det er på tide at folk får auga opp for at å satse på film er økonomisk lønnsamt.

– Det gjev inntekter på fleire område og det gjev marknadsføring. Men det må meir pengar og vilje til for å kunne bli store her på Vestlandet. Då må også fylka bidra med meir midlar, seier han.

Men trass i satsing på film på Vestlandet, er det mykje som står att før dei store Hollywood-produksjonane kjem.

– Dei krev hundre prosent av alle. Det er ein milliardindustri og då må vi ha folk i hundreprosentstillingar som sel Vestlandet. For vi har jo absolutt alt dei vil ha, seier Loftesnes.