NRK Meny
Normal

Krev likevel ikkje einerom for sesongarbeidarar

Bærprodusentane kan framleis innkvartere sesongarbeidarar på firemannsrom. Det er konklusjonen Arbeidstilsynet har kome fram til etter å ha snakka med bransjen.

Borghild Lekve

RETRETT: Regiondirektør Borghild Lekva har snakka med bærprodusentane og gått bort frå kravet om einerom.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vi har lytta til bransjen og ønskjer å finne ei løysing som både bransjen og vi kan leve med, og som samtidig sikrar at sesongarbeidarane har gode buforhold, seier regiondirektør Borghild Lekve i Arbeidstilsynet i ei pressemelding.

Truga med å leggje ned

Tilsynet har fått mykje kritikk frå bærprodusentane etter at dei nyleg sende ut varsel om pålegg om at sesongarbeidarar skal ha einerom. Pålegget kom etter at Arbeidstilsynet gjennomføre tilsynet hos kring 40 produsentar i Sogn og Fjordane. Fleire fekk krav om å at dei måtte tilby sesongarbeidarane einerom.

Tilbakemeldingane på pålegget frå bransjen var eintydig. Vert kravet halde oppe må fleire legge ned på grunn av kostnadene.

– Katastrofalt

Omar Vangsnes i Sognebær var ein av dei som var kritiske. Han heva kravet ville vere katastrofalt for ein næring som i fjor produserte over 227.000 tonn bær, frukt og grønt.

Omar Vangsnes

VART HØYR: Bærprodusent Omar Vangsnes frykta for dei økonomiske konsekvensane om kravet til einerom vart innført.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det blir nesten uråd å få på plass til kommande sesong. For det andre vil det koste så mykje at det ikkje er økonomisk forsvarleg, sa Vangsnes til NRK 14. november.

Sette på bremsene

Dagen etterpå kom Arbeidstilsynet på banen og sa at dei på nytt ville vurdere kravet om einerom.

– Dette er ei sak som ikkje er ferdigbehandla og det er ikkje konkludert. Vi vil no gå djupare inn i saka og gjere ei ny vurdering i dialog med bransjen, sa regiondirektøren til NRK 15. november.

Maksimalt fire på soverommet

I dag kom altså kontrabeskjeden frå direktøren:

– Arbeidstilsynet har kome fram til at dersom bestemte kriterium vert haldne, kan bærprodusentane innkvartere arbeidstakarane på rom med maksimalt fire personar per soverom. Dersom dei vert innkvarterte i campingvogn skal det maksimalt vere to personar, forklarar Lekve i pressemeldinga.

Overfor NRK utdjupar ho retretten slik:

– Vi ser at eit absolutt krav om einerom kan vere utfordrande for bransjen. Dette har vi prøvd å balansere ved å seie til at det kan bu inntil fire personar på kvart soverom på visse kriterium, seier Lekva.

– Kvifor snakka de ikkje med bransjen før de sende ut varsel om pålegg?

– Regelverket er slik at det i utgangspunktet skal vere einerom. Med det utgangspunktet vart tilsynet gjort, men no har vi altså gjort ei fornya vurdering etter å ha snakka med bransjen, seier direktøren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.