NRK Meny
Normal

Krev like konkurransevilkår til sjøs

Sjømannsforbundet vil ha slutt på at norske sjømenn i norsk farvatn ikkje får jobb fordi dei kostar for mykje.

Stian Grøthe i Sjømannsorganiasjonen

IKKJE NØGD: Stian Grøthe meiner dagens regelverk er utdatert.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vi meiner at det må vere like konkurransevilkår. Det er dyktigheita til arbeidarane som skal avgjere kven som får jobben. Ikkje kor lågt du er villig til å leggje løna.

Det fortel Stian Grøthe, som er politikk- og myndigheitskontakt i sjømannsforbundet.

Matros Nils Peder Søvik i Stryn er ein av dei som etter 30 år på sjøen ikkje fekk halde fram i jobben.

– For å seie det ganske enkelt så byter dei ut oss nordmenn med billeg arbeidskraft frå Asia og Aust-Europa, fortel Søvik.

Ønskjer nytt regelverk

Historier som den Søvik fortel kan vi ikkje leve med, meiner Grøthe i sjømannsforbundet. Dei hevdar at vi treng eit nytt regelverk.

– Vi har eit regelverk som ikkje er oppdatert. Det er fritt fram for reiarane å bytte ut det norske flagget med eit bekvemmelighetsflagg. Då kan du og bytte ut dei tilsette med personar som krev heilt andre lønningar enn det man treng for å bu i Noreg.

Sjølv om reiarlaget driv i norsk farvatn, treng dei altså ikkje følge norske lønns og arbeidsvilkår. Grøthe meiner det er rart at regelverket ikkje er endra.

– Vi stiller oss undrande. Vi har påpeikt problemet i snart 10 år.

– Uheldig utvikling

– Det er ein krevjande marknad for tida, fortel Erik Giercksky kommunikasjonsdirektør i Noregs Rederiforbund.

Han seier at han tykkjer det er uheldig at fleire reiarlag vel å bytte ut dei norske arbeidstakarar med utanlandsk, billeg arbeidskraft.

– Men i den internasjonale konkurransen er det krevjande med norske lønns og arbeidsvilkår. Likevel har norske myndigheiter skapt eit arbeidsmarknad for norske sjøfolk under det norske flagget, fortel Giercksky.

Men det held ikkje for Grøthe.

– Vi pratar no om det norske farvatnet. I det internasjonale kan du sjølvsagt ikkje gå inn med norske lønns og arbeidsvilkår. Men i det norske farvatnet bør det vere dei norske reglane som gjeld for alle, seier Grøthe.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.