Hopp til innhold

Krev krabbefelt

Gaular-politikarane Mathias Råheim og Anne Lilleaasen vil ha Sunnfjord-kommunane til engasjere seg for å få bygt krabbefelt i Halbrendslia på E39, skriv Firda. Råheim syner til at det på 1990-talet vart laga eit prosjekt med krabbefelt. Sidan den gong har trafikken auka kraftig. Han seier det skapar frustrasjon når bilistar må køyre fleire kilometer utan å kome forbi tunge køyretøy som køyrer sakte i dei bratte og svingete bakkane opp Halbrendslia.