Hopp til innhold

Krev kommunane med i klimakampen

Kommunane må vere med på å bekjempe klimautfordringane.

Tor Bremer
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det meiner fylkesvaraordførar Tor Bremer. Tidlegare i dag kom det fram at 14 av dei 26 kommunane i fylket vårt manglar energi- og klimaplanar. Bremer tykkjer dette er synd.

- Må forplikte seg

- Det er heilt avgjerande at kommunane blir med for at vi skal kunne takle dei store utfordringane vi står ovanfor, seier Bremer.

Fylkesvaraordføraren vil ikkje spekulere i kvifor så mange kommunar manglar planar for klimaet. Han er klar på at dei må vere innstilte på å gjere sitt for å bekjempe klimautfordringane.

- Kommunane må forplikte seg til å bidra til å takle dei store klimautfordringane som skjer. Viss ikkje vi klarar det, kjem vi dårleg ut i forhold til det kloden vår treng av endringar for å snu den negative utviklinga som er i gang, seier han.

Tek ansvar

Sjølv vil fylkesvaraordføraren ta sin del av ansvaret i klimakampen. Dei er no i ferd med å utvikle ein meir forpliktande klima- og energiplan. Bremer veit enno ikkje korleis planen vil sjå ut.

- Men eg trur den kjem til å bli mykje meir forpliktande enn han har vore før.

- Kva vil det seie for innbyggjarane i fylket?

- Det treng ikkje bety noko i negativ retning. Men eg trur vi i Sogn og Fjordane må vere innstilte på å bidra til å snu utviklinga vi er inne i, avsluttar han.