Hopp til innhold

Samanliknar NAV med Kafka og Sovjet - krev opprydding

Den kjende kommentatoren Anders Giæver meiner at Sverre-saka og mange liknande saker gjer at det må kome ein reform i NAV. Han samanliknar NAV med gamle sovjet-metodar.

Anders Giæver

RASAR MOT NAV: VG-kommentator Anders Giæver meiner at det må kome ein reform internt i NAV.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

VG-journalisten og kommentatoren Anders Giæver har denne veka latt seg undre sterkt over korleis NAV arbeider. Ikkje berre i høve saka om 2 år gamle Sverre som vert nekta pengar til livsviktig diett, men og i høve ei rekkje andre saker. Då han skreiv ein kommentar om si eiga negative oppleving kring NAV, fekk han mange reaksjonar.

– Eg trur det er litt slik at dersom du først har problem med NAV, så er det litt som å vere gravid. Når ein er gravid så skal ein visst nok berre sjå andre gravide. Når ein har problem med NAV, så merkar du at omtrent alle rundt deg har eller har hatt eit eller anna problem med NAV dei også, seier Giæver til NRK

Han peikar på at sakene alltid er ulike, men reaksjonsmønsteret er veldig mykje likt.

Mari Saltkjel og sonen Sverre (2)

MÅ HA MEDISIN: Sverre (2) er fødd med den alvorlege sjukdomen øsofagusatresi som gjev misdanningar i spiserøret. Han er heilt avhengig av hjelp frå mamma Mari Saltkjel til å overleve.

Foto: Johan Moen / NRK

– Mest mogleg firkanta

– Ein kjempar det ein opplever som ein håplaus kamp og oppfattar at NAV tolkar alle regelverk på mest mogleg firkanta måte og til minst mogleg gunst for deg. Eg er for så vidt både glad i å krangle og vand med å skrive, men eg måtte gje opp å føre denne kampen sjølv og måtte ta ein veldig dyktig, men også relativt kostbar advokat, som dreiv på i halvtanna år med brevskriving før NAV gav seg og eg fekk attende pengane dei hadde kravd for mykje av meg, seier VG-kommentatoren.

Det vekte sterke reaksjonar då NRK denne veka fortalde historia til Mari Saltkjel og ektemannen Andreas Carlborg som ikkje får innvilga pengar til å kjøpe rett kost til deira svært alvorleg sjuke son. For både dei og for Anders Giæver handlar det om prinsipp og at rett skal vere rett.

– Dette handlar ikkje berre om oss, snarare tvert imot. Det handlar om alle dei som ikkje har ressursar til å kjempe mot systemet for å få det dei har krav på, seier Mari Saltkjel.

Fekk ikkje møte NAV

Som prest opplevde ho at kampen mot systemet har tæra på kreftene. Først då NRK tok tak i saka deira i sommar fekk dei innvilga det dei skulle ha av pleiepengar.

Anders Giæver seier at frå hans ståstad handlar dette mykje om måten NAV kommuniserer på. Då han kjempa ein kamp mot systemet fordi NAV meinte at han og kona hadde fått for mykje barnetrygd då han jobba i USA.

– Eg prøvde fleire gonger å spørje om eg kan få møte nokon, for eg følte at dersom eg fekk sett meg ned og fekk snakke med nokon og forklart dette her, så ville vi bli samde om at dette var fullstendig urimeleg. Men ein får ikkje det, og det er nye menneske ein snakkar med kvar gong, og det er nye menneske ein får brev frå og så skiftar dei stadig namn, fortel Giæver.

– Sovjetisk Catch 22-verd

Han hadde råd til advokat, og dei fekk att pengane sine frå NAV etter eitt og eit halvt år. Både han og Saltkjel-familien meiner at når problema er så store for dei som trass alt har ressursane, korleis er det då for andre som stiller svakare.

– Mi historie er no ei solskinshistorie trass alt, eg fekk attende pengane fordi eg tener såpass godt at eg hadde råd til å ta ein god advokat. No legg dei ned Fri Rettshjelp i Oslo, og når byrådet sa at dei hadde ei rekkje andre institusjonar som kunne ta seg av rettshjelp, blant anna NAV, så var det eg kjende at det rann litt over for meg. Dersom det er NAV som skal passe på at ein ikkje blir overkøyrd av NAV, då er vi inne i ein slags sovjetisk Catch 22-verd her, seier Giæver.

Det er sterke reaksjonar på korleis familie vert behandla av NAV.

Politikarar reagerer

Vil endre regelverket

Laila Dåvøy (KrF) er ein av dei mest røynde sosialpolitikarane på Stortinget. Ho har særleg den siste tida kjempa hardt for å få regjeringa til å fremje endringar i regelverket kring det NAV kallar pleiepengar. I praksis vil det seie pengar som foreldre får for å vere heime med alvorleg sjuke barn. Ho meiner historiene kring NAV og deira møte med foreldre er rystande.

– I høve dette med pleiepengar så har eg eit tilfelle akkurat no der familien ikkje får pleiepengar og barnet kan ikkje gå i barnehage, og barnet kan kome til å vere sjuk meir enn i to år. Då er regelverket slik at dersom ein har eit barn som er sykt meir enn to år så får ein ikkje pleiepengar, då har ein ikkje rett på det. Det er nesten til å grine av det mange av desse familiane går gjennom. Vi har prøvd gang på gang å få endra pleieregelverket, seier Dåvøy.

– Men er det regelverket, eller er det personar i systemet som er vanskelege her?

– Eg trur det kan vere begge deler, meiner Dåvøy.

Har du eit barn med sjelden sjukdom, og treng hjelp frå NAV - er sjansen liten for at du får den hjelpa du treng. Forsking viser at NAV-tilsette i liten grad høyrer på foreldre eller fagfolk når søknader skal vurderast. For foreldra til vesle Sverre (2) har kampen mot NAV blitt eit mareritt.

NAV vil ikkje betale for spesialdietten Sverre (2) treng for å overleve

– Må kome ein reform

VG-kommentator Anders Giæver har fått mange kommentarar etter at han denne veka gjekk ut med ei kraftig breiside retta mot NAV. Han gjev følgjande råd til dei som strevar med å bli forstått i NAV-systemet.

– Rådet mitt, basert på mi eigen snevre erfaring, må vere å ta vare på alt du får skriftleg og ikkje gje det vidare. Det som verkar urimeleg for dei, er heilt sikkert urimeleg i røynda. Prøv å få profesjonell hjelp til å gå vidare med det.

– Har du noko råd til NAV oppi dette her?

– Etter at eg skreiv denne kommentaren har eg fått enormt mykje respons og har høyrt historier som er langt verre enn mine. Eg trur det må kome ein kraftig reform internt i NAV og kanskje treng ein eit eige uavhengig ombod som du kan vende deg til når ein skal klage på NAV, sler Giæver fast.

NRK har vore i kontakt med NAV to gonger i kveld og tilbydd NAV å gje tilsvar til denne saka, men ingen av leiarane i etaten har vore tilgjengeleg for kommentar så langt.