Hopp til innhold

UDI stiller ikkje krav til helsebemanning ved norske mottak

Fagfolk meiner asylsøkjarar med psykiske problem ikkje får god nok hjelp på norske mottak. Utlendingsdirektoratet (UDI) stiller nemleg ikkje krav til helsebemannning.

Siv Førde

HØGSKULELEKTOR: Siv Førde er kritisk til at det ikkje blir stilt krav til helsebemanning ved norske mottak.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nær 160.000 asylsøkjarar har kome til Norge sidan 2000. Hovudsakleg frå Asia og Afrika.

Mange av desse med traumatiske opplevingar, som kan gjere det vanskeleg å takle kvardagen på asylmottak.

– Då er det viktig at nokon er der for å dempe smerta som dei føler. At det er eit lågterskeltilbod, at dei kan komme når dei vil. Ikkje at dei får ein time om tre månadene eller tre veker, seier høgskulelektor Siv Førde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kom for å få hjelp

Førde er i ferd med å publisere bok om den psykiske helsa til asylsøkjarane. Og har sjølv fortid som psykiatrisk sjukepleiar ved innvandrarsenteret i Florø.

– Dei kom for å få hjelp for smerta si. Dei kom for å forstå at, sjølv om dei ser det slik, så er det ikkje blod, men vatn som kjem ut av springen. Dei kom for å få hjelp til å meistre øyresusen, mareritta og flashback som dei slit med, seier Førde som også har skrive masteroppgåve om kvifor enkelte asylsøkjarar klarer seg betre enn andre når dei kjem til Norge.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Asylsøkjarar med psykiske problem får ikkje god nok hjelp på norske mottak, meiner fagfolk. Utlendingsdirektoratat stiller ikkje krav til helsebemanning.

SJÅ TV-SAK: Asylsøkjarar med psykiske problem får ikkje god nok hjelp på norske mottak, meiner fagfolk.

Ser positivt

For asylsøkjarane får livet sett på vent når dei kjem til asylmottaket. Og det er mange som strevar med å takle kvardagen på asylmottaket.

– Du tenkjer dårlege tankar når du berre set her og ikkje gjere noko, seier etiopiske Daniel Berhane som har budd fem år på mottak saman med familien sin.

– Eg finn det positivt å tenkje på borna, framtida og at søknaden kanskje blir innvilga så eg får jobb til å forsørgje familien min, legg Berhane til.

– Har aldri vore prioritert

Trippeldrap i Årdal

TRIPPELDRAP: Både føraren og dei to passasjerane om bord på Valdresekspressen vart drepne førre måndag.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

I førre veke vart tre menneske drepne på Valdresekspressen på veg frå Årdal . Ein 30 år gamal mannleg asylsøkjar er sikta for knivdrapa. Kva som skjedde er førebels uvisst då mannen ikkje er avhøyrd av politiet, men saka vekte debatt om asylmottaka har kompetanse til å fange opp folk med psykiske problem.

Høgskulelektor Førde er mellom dei som meiner mottaka bør ha eit lågterskeltilbod - med tilsette som har kunnskap om psykososialt helsearbeid.

– Du må ha kompetanse til å forstå psykisk helsearbeid, forstå og vite så mykje at du kan observere og setje inn hjelp når det trengst. Det er kjempeviktig, men har aldri vore prioritert. For det kostar pengar å tilsetje slike menneske, seier ho.

Skeptisk til krav

Ingjerd Schou, stortingsrepresentant Høyre

SKEPTISK: Ingjerd Schou, stortingsrepresentant for Høgre.

Foto: Christin Olsen / NRK

Stortingsrepresentant Ingjerd Schou (H) er skeptisk til å stille krav om at tilsette ved asylmottaka skal ha helsefagleg kompetanse.

– Vi har kompetanse i kommunehelsetenesta, i spesialisthelsetenesta og så må det også vere ei vurdering om ein treng det i enkelte av asylmottaka. Men det å berre fokusere på at ein skal ha helsekompetanse og spesialistkompetanse, til dømes særskilt innan psykiatri, på kvart einskild mottak trur eg ikkje er klokt å regulere nasjonal, seier Schou.

– Viktig å skilje

Men også Norsk Folkehjelp er uroa over helsa til asylantane. Mottaksleiar Grete Apelseth på Jølster meiner asylsøkjarar bør få betre oppfølging.

(Artikkelen held fram under TV-klippet)

Asylsøkere med psykiske problemer får ikke kyndig hjelp på asylmottakene. Utlendingsdirektoratet stiller ikke krav til helsebemannning. Nå mener fagfolk at hjelpen må bli bedre.

SJÅ: Siv Førde meiner asylsøkjarar får for dårleg psykisk hjelp.

– Norsk Folkehjelp meiner det bør gjerast ei betre kartlegging i startfasen når asylsøkjarane kjem. Den lange ventetida gjer den psykiske helsa verre for dei aller fleste, seier mottaksleiar Grete Apelseth ved asylmottaket på Jølster.

Grete Apelseth

MOTTAKSLEIAR: Grete Apelseth ved asylmottaket på Vassenden i Jølster.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Samstundes meiner ho det er viktig å skilje mellom kven som er mottakstilsette, og kven som er helsearbeidarar.

– Helse er kommunen sitt sektoransvar. Mottakstilsette skal vere tilretteleggarar og rettleiarar for bebuarane, seier Apelseth.

– Verst for dei med avslag

Både helsesøster og lege er knytt til mottaket, og det er til desse tilsette går om dei fryktar bebuarar slit tungt. Skal psykiatrien inn i biletet, er det legen som rettar den førespurnaden.

Apelseth meiner situasjonen er verst for dei med endeleg avslag og som ikkje kan tvangsreturnerast.

– Dei misser alle rettar, får mindre pengar utbetalt, misser rett til skule og arbeidsløyve og får berre naudhjelp når det gjeld helse. Det er her helsetenesta og psykiatrihelsetenesta verkeleg burde vere inne, avsluttar mottaksleiaren.