– Dei må byggje no, for marknaden vil kome, det ser vi. Vi kjem til å få mykje overskotskraft i Norge framover, så det er berre å gjere vedtak. Ein betre bursdagspresang kan ein ikkje gje til Høyanger-samfunnet heller, seier Heggø til NRK.
1. mai heldt ho tale til mange hundre frammøtte heime i 100-årsjubilant-staden Høyanger.
Der har alle har ein draum om at Hydro skal velje å bruke milliardar på ein ny elektrolysehall. Tomta er klar, berre vedtaket frå styret i Hydro manglar.
– Det er på tide at vi som politikarar igjen set krav til at vi vil ha investeringar i Norge. Vi vil ha industriutvikling. Aluminium er faktisk den grønaste industrien ein kan få. Det er laga på vasskraftressursar i tillegg, så det er heilgrønt for å seie det slik, seier Heggø.
- Les også:
Stor investering på Karmøy
Konsernsjef i Hydro, Svein Richard Brandtzæg, seier til Teknisk Ukeblad (TU) at særleg vil etterspurnaden til bilindustrien og byggjeindustrien gjere behovet for meir norsk aluminium stort.
– Bygningar står for 40 prosent av energibruken i Europa. Skal den ned, er aluminium ein del av løysinga. I USA har det alt skjedd ei dreiing, seier han til TU.
- Les også:
Krev endringar frå regjeringa
Ingrid Heggø meiner at den sitjande regjeringa også må stille strengare krav til Hydro for investeringar også i Sogn.
– Den førre regjeringa hadde eit krav om at ein skulle ha investeringsplanar også for Norge, ikkje berre for utlandet. Det har denne regjeringa teke vekk, dei har og teke vekk at ein skal kjøpe seg opp att i Hydro slik førre regjeringa meinte, seier Heggø.