NRK Meny
Normal

Krev hovudrulling i Terra-saka

Frp sin Åge Starheim i kommunalkomitteen meiner rådmennene og ordførarane ta ansvar for Terra-skandalen.

Knut M. Olsen og Åge Starheim på valvake
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

DEBATTER: - Kommunetoppane må gå

Han er skuffa over at kommunalministeren og Fylkesmannen ikkje krev at kommunetoppane blir stilt til ansvar.

 

- Etter midt skjønn er det nødt til å skje det same som i næringslivet om nokon gjer slike tabbar. Då er det berre ein ting som er resultatet: Både rådmennene og ordførarane må ta situasjonen på alvor og rett og slett trekke seg, seier han og meiner at kommunetoppane ikkje bør få høve til prøve å rydde opp i skandalen.

- Tilliten blant innbyggjarane i kommunane må nødvendigvis vere på eit lågmål, då vil det ikkje vere rett at desse skal sitte med ansvaret i det som vidare skal skje, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.