NRK Meny

Krev hotellet konkurs

To tidlegare arbeidstakarar har kravd Selje hotell konkurs på grunn av manglande lønsutbetalingar. Sakene skal opp i Fjordane tingrett 23. mai, melder Sunnmørsposten. Hotellet vart i november i fjor totalskadd i brann. Tre brør, alle knytt til drifta av hotellet, er sikta for brannstifting, økonomisk utruskap og forsøk på forsikringssvindel. For å få fortgang i oppryddinga av branntomta har også kommunen vurdert å slå hotellet konkurs.

Selje hotel
Foto: Oddleif Løset / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.