Hopp til innhold

Krev hastemøte om Fjord1-saka

Partia i Flora må ha hastemøte om Fjord1-sak. Det krev leiar for Samlingslista, Jacob Nødseth. Han er redd sal av ferjeselskapet vil føre til at arbeidsplassar forsvinn frå kommunen.

Jacob Nødseth

VIKTIG: Jacob Nødseth frå Samlingslista i Flora meiner partia i kommunen må få klarheit i korleis Fjord1 best kan halde fram å utvikle seg i Florø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Fjord1 er eit viktig selskap og ein viktig arbeidsplass i kommunen. Det er uansvarleg om vi ikkje engasjerer oss. Her må kommunen tale med éi røyst og seie kva som er mest fornuftig for å sikre og halde på Fjord1 i Flora, seier Jacob Nødseth.

Han har teke initiativ til at partia i kommunen får i stand eit hastemøte med styreleiar og leiinga i ferjeselskapet Fjord1, for å få klarheit i kva selskapet meiner er best. I går la fylkesrådmannen fram si innstilling i saka om eigarskap, og rådet til politikarane er at fylkeskommunen gradvis sel seg ut av selskapet.

Fryktar for arbeidsplassar

Selskapet med hovudkontor i Florø har om lag 1300 tilsette. Konsernsjef i Torghatten ASA, Brynjar Forbergskog, sa i går at dei vil behalde arbeidsplassane i kystbyen.

– Dersom vi kjøper selskapet ønsker vi å drive det på same måte basis som i dag, med hovudkontor i Florø som tidlegare og med arbeidsplassane der dei er, sa Forbergskog.

Nødseth er likevel skeptisk.

– Eg meiner sal ikkje er det mest fornuftige. Flora har mista mange arbeidsplassar i privat arbeidsliv og offentlege arbeidsplassar er også utsette. Vi treng stabilitet, seier Nødseth.

Han meiner floraperspektivet har drukna i debatten. Allereie før valet i haust tok han initiativ til eit møte mellom politikarane i kommunen og Fjord1, men sjølv om fleire av partia var interesserte i eit slikt møte vart det aldri noko av.

Trur eit råd frå Flora vil vege tungt

No meiner Nødseth møtet må kome i stand, slik at dei kan spele inn sine råd til fylkespolitikarane. Han trur eit samrøystes råd frå florapolitikarane vil vege tungt.

– Eg trur mange har bestemt seg i saka, men får vi eit samrøystes vedtak, så skal det litt til for at fylkespolitikarane kan oversjå det. Flora er ein viktig kommune, og å sjå vekk frå eit klart råd frå Flora kommunar lite lurt, slår Nødseth fast.