Hopp til innhold

No krev ho at Grunnlova kjem på nynorsk

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) har no sendt brev til Stortinget der ho ber om støtte til forslaget om å omsetje Grunnlova til nynorsk.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

SER FRAMOVER: Åshild Kjelsnes meiner at det er både naudsynt og rett at grunnlova no kjem på nynorsk.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget skal om ikkje lenge vurdere eit forslaget om å modernisere språket i Grunnlova der teksten skal vere både på bokmål og nynorsk.

– Eg meiner det vil vere ein klår styrke for utviklinga av folkestyret at vi har Grunnlova på eit tidsmessig norsk språk, seier Åshild Kjelsnes.

Ho vonar no at i alle fall alle stortingsrepresentantane her frå fylket vil støtte forslaget om å få ein framtidig nynorsk versjon av 200-årsjubilanten.

– Eg appellerer til våre stortingsfolk om å ta med seg det at Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke og at dei alle ser verdien at vi får likveverde gjennom grunnlova for dei to skriftspråka vi har, seier fylkesordføraren til NRK.

– Med Grunnlova på nynorsk får nynorsk- og bokmålsbrukarar eit likeverdig grunnlag for å kunne forstå ho. Det er svært viktig, og eg håpar Stortinget får dette på plass no i jubileumsåret, seier Kjelsnes.

Før påske sa stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) at han ikkje vil røyste for ei omfattande endring av språket i Grunnlova.

– Eg er kjempeglad i nynorsken, og ønskjer at den skal ha så gode vilkår som mogleg. Men når det gjeld Grunnlova, er det også mange andre ting som er viktig. Det går både på det historiske og det praktiske, med tanke på korleis lova skal tolkast i rettsstellet, sa Lødemel til NRK.