Av dei 735 sakene frå heile landet kjem 12 frå Sogn og Fjordane, men generalsekretær i stiftinga, Ola Ødegård, men fryktar at talet er mykje større.
I Sogn og Fjordane har det berre vore ein barneheim, Sogn Barneheim på Leikanger, som var i drift fram til 1974.
Krev gransking
Etter opprullinga av dei grusome oppvekstkåra til barneheimsborn i Bergen, krev Rettferd for taperne no at fylkesmenn i heile landet granskar barne- og skuleheimssaker. Ødegård meiner kommunane som har sendt born på heimar ikkje er skikka til å sjølve undersøkje kritikkverdige tilhøve rundt barneheimssaker.
Forferdelege historier
- At det berre har vore ein barneheim i Sogn og Fjordane tyder ikkje at tilhøva her har vore betre enn andre stader, meiner Ødegård. For det førte også til at mange vart sende til institusjonar andre stader i landet. Ødegård seier dei som har teke kontakt med Rettferd for taperne har forferdelege historiar å fortelje.
Mishandling av borna
Les meir om barneheimsborna i Sogn og Fjordane sine opplevingar i Fylkesleksikonet: Sogn Barneheim.