Krev gass til Lutelandet

Sogn og Fjordane Høgre krev at olje-og energiminister Odd Roger Enokosen syt for ilandføring av gass til Lutelandet.

Ingrid Astor, som er leiar i olje- og gassutvalet i partiet, er skuffa over at det ikkje er kome noko slikt krav i konsesjonsbrevet til Statoil i samband med utbyggingane utanfor kysten.

Ho finn no grunn til å minne Enoksen om at han under oljemøtet i Florø i januar i år lova å syte for ei tilkopling til gassrøyrleidninga i Fensfjorden.