Hopp til innhold

Krev garanti for skulerute

Mistanke om grovt underslag gjer at Aurland kommune ber selskapet som driv skuleruta mellom Aurland og Sogndal om ein driftsgaranti.

Sea Express, båten som trafikkerer skulebåtruta mellom Aurland og Sogndal

FRYKTAR FOR SKULERUTA: Det er båten Sea Express som sidan 2009 har gått som skulebåt mellom Aurland og Sogndal.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

Det er Sogn Avis som i dag skriv om konflikten rundt båtselskapet som driv skulebåtruta som fraktar skuleelevar frå Aurland til skulen i Sogndal.

Sentrale personar i selskapet Fjordcharter Norway AS skal vere under etterforsking for mistanke om grov underslag.

Dette uroar kommunen, som via advokat ber om at det blir laga ein gjennomføringsgaranti for vidare drift av skulebåten. Kommunen fryktar konflikten i verste fall kan gjere til at ruta ikkje går som den skal frå hausten av.

Bakgrunnen for etterforskinga er at selskapet Bergen Nordhordland Rutelag (BNR) har politimeldt tidlegare dagleg leiar for det dei meiner er ei samanblanding av økonomi mellom selskapa BNR og Fjordcharter AS, skriv Sogn Avis.

BNR meiner utgifter over eit lengre tidsrom er ført på BNR, medan inntekter er ført til Fjordcharter Norway AS. Det blir mellom anna påstått at det er gjort underslag av drivstoff til ein verdi av 11 millionar kroner.

Den tidlegare daglege leiaren i BNR har hatt, og har framleis sentrale roller i begge selskapa.

Talspersonen hans, rådgjevar Bjørn Kristiansen, seier til Sogn Avis at skuldingane er grunnlause. Han understrekar at Fjordcharter AS vil utføre drifta av skulebåtruta i Aurland som avtalt.

Einar Målsnes ved Hordaland politidistrikt stadfestar ovanfor Sogn Avis at dei etterforskar saka, og at det står att ein del arbeid før dei kan konkludere.