NRK Meny
Normal

Krev fylkesmannsembetet i ny Vestlandsregion

LEIKANGER (NRK): I eit nytt Vestlandsfylke vil leikangerordførar Jon Håkon Odd ha «Trøndelags-modellen», der veslebror Steinkjer – ikkje Trondheim – får Fylkesmannen.

Jon Håkon Odd

135 ARBEIDSPLASSAR I FARE: – Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ein stor arbeidsgivar i Leikanger og betyr mykje for lokalsamfunnet, seier ordførar Jon Håkon Odd.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Nord- og Sør-Trøndelag har dei fordelt funksjonane mellom Trondheim og Steinkjer på ein god måte. Sogn og Fjordane må gå inn i forhandlingane med Rogaland og Hordaland for å få til ei tilsvarande løysing, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger.

Det siglar opp til strid om dei fleire hundre fylkesmannsarbeidsplassane på Vestlandet. Om tre veker startar Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar forhandlingane om eit nytt storfylke i vest.

Viktig krav frå veslebror

Allereie no varslar veslebror Sogn og Fjordane at dei vil krevja å halda på sine 135 fylkesmannsarbeidsplassar, i tillegg til å ha leiinga.

– Desse arbeidsplassane betyr meir for oss enn viss du legg dei til ein by, som Bergen, fordi det er motorar som meir eller mindre går av seg sjølv. Men legg ein arbeidsplassar utanfor byane, får det ein større regional effekt, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp), som leier forhandlingsdelegasjonen til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Jenny Følling og Anne Gine Hestetun

FORHANDLINGSMOTPARTAR: Tre veker før forhandlingane om ein eventuell Vestlandsregion startar, krev fylkesordførar Jenny Følling (t.v.) i Sogn og Fjordane fylkesmannsembetet. Det kravet vil ikkje fylkesordførar Anne Gine Hestetun (t.h.) i Hordaland kommentera enno.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Bakgrunnen for dette kravet er at dagens 17 fylkesmenn kan bli langt færre i framtida. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har sendt tre samanslåingsalternativ på høyring:

  • Konsolideringsmodell: Små endringar av dagens struktur (14–17 fylkesmannsembete)
  • Regionmodell: 8–13 mellomstore embete
  • Landsdelsmodell: 4–7 landsdelsembete

Trøndelags-modellen

Avgjerda om ny fylkesmannsstruktur er venta våren 2017, men Sanner har allereie bestemt at fylkesmennene i Nord- og Sør-Trøndelag skal slåast saman frå 2018.

Det skal vera avdelingar både i Steinkjer og Trondheim, men hovudsetet og embetsleiinga skal vera i Steinkjer i Nord-Trøndelag. Fylkesordførar Følling vil ha ein liknande modell i ein eventuell vestlandsregion:

– Det vil vera naturleg forhandlingsposisjon for Sogn og Fjordane å seia at fylkesmannsembetet skal vera hjå oss.

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, ønskjer ikkje å kommentera krava frå fylkesordføraren i Sogn og Fjordane før forhandlingane startar 23. august.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

ARBEIDSPLASSAR MÅ FORDELAST JAMT: Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner Sogn og Fjordane har vist at fylket kan handtera viktige regionale oppgåver.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Opphoping i Bergen

Heller ikkje Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, ønskjer å seia noko om den politiske prosessen rundt regionreforma, men i mars snakka òg Hamre varmt om Trøndelags-modellen:

– I ein eventuell ny vestlandsregion må regionale arbeidsplassar fordelast jamt. Alt må ikkje klumpast saman i éin by, sa Hamre.

Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd meiner eit fylkesmannsembetet for Vestlandet kan ha avdelingar i Rogaland og Hordaland, men leiinga bør sitja i Sogn:

– Det er fullt mogleg. Det skjer i dag i den nasjonale skatteopplysninga, Statens vegvesen i regionen, og fylkesmannsembetet kan forvaltast på same måte.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast