Hopp til innhold

Hurtigbåtselskap krev 10 mill. i erstatning frå fylkeskommunen

Hurtigbåtselskapet Norled krev inntil 10 millionar kroner i kompensasjon for tapte inntekter frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Jan Øhlckers og Norled

AVVISER: Jan Øhlckers seier fylkeskommunen avviser erstatningskravet frå hurtigbåtselskapet Norled.

Foto: Montasje (NRK/Norled)

Norled, tidlegare Tide Sjø, vann konkurransen om å drive hurtigbåtruta mellom Bergen og Sogn. Likevel har fylkesutvalet i Sogn og Fjordane gitt Fjord1 lov til å starte opp ei konkurrerande turistrute på strekninga.

Fylkesrådmann Jan Øhlckers avviser erstatningskravet frå hurtigbåtselskapet.

- Eg kan ikkje tru at fylkesutvalet vil vere innstilte på å gå inn i nokon dialog meg Norled i dette spørsmålet, seier han til NRK.no.

Kan hamne i retten

Det var før helga at Fjord1 fekk grønt lys av fylkespolitikarane til å starte opp ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Sogn på sommartid. Norled, som vann konkurransen om å drive heilårsruta på strekninga, er sterkt kritiske til avgjerda.

Dei vurderer no å anke fylkesutvalet sitt vedtak inn for Samferdsledepartementet. Administrerande direktør Ivan Fossan seier dei vil krevje inntil 10 millionar kroner i erstatning for tapte inntekter.

Fylkesrådmann Jan Øhlckers trur konflikten kan bli ei sak for domstolane.

- Det kan jo i verste fall bli ei rettsak, seier han.

Meiner passasjergrunnlaget er endra

Norled-direktør Ivan Fossan vil ikkje kommentere eit eventuelt søksmål, men seier til NRK at passasjergrunnlaget som låg til grunn for kontrakten med fylkeskommunen er endra når Fjord1 får lov til å drive ei konkurrerande sommarrute.

Fjord1 vil då kunne snappe turistar om vanlege passasjerar framfor nasen på dei.

Fossan viser vidare til at dei meiner at kontrakten med fylkeskommunen gir Norled ekslusiv einerett på strekninga. Det er fylkespolitikarane ikkje samde i, seier Øhlckers.

- Det ligg ikkje inne i anbodsdokumenta. Det er også understreka av både samferdsleutvalet og fylkesutvalet at det i turistsesongen er behov for ei slik rute og at den vil vere samfunnsnyttig.

Det er berre nokre veker sidan Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk eit anna erstatningskrav i fanget. Entrepenøren NCC saksøkjer fylkeskommunen for 93 millionar kroner i samband med ekstrakostnader ved bygginga av Dalsfjordsambandet.