Geir Solvåg og Stig Ervik må frifinnast. Det var kravet til forsvarane då den store fiskefusksaka vart avslutta i Hammerfest Tingrett i dag.
- Ikkje bevis
Begge dei to mennene i Ervik Havfiske i Selje meiner det ikkje kan førast bevis for tiltalen om grovt heleri av 14,7 millionar kroner. Dei to avviste også inndragingsførelegget på 5,1 millionar kroner fordi dei meiner at det ikkje er fiska utover kvotane.