NRK Meny
Normal

Ferjemannskap ropar varsku om fulle ferjer - no vil dei ha fortgang i tunnelplanane

Stenginga av E16 etter brannen i Gudvangatunnelen har ført til kraftig trafikkauke over Vikafjellet. No krev både ferjemannskap og politikarar fortgang i planane om tunnel under fjellet.

Full ferje

FULLT: Både natt og dag har det vore ekstra stor trafikk på ferjesambanda i Balestrand-sektoren etter stenginga av Gudvangatunnelen.

Foto: Rune Målsnes

Rune Målsnes er matros ombord på ferjene som går mellom Vangsnes, Hella og Dragsvik og han seier at det tidvis har vore kaotisk etter stenginga av E16.

– Det er ofte fullt, og når i tillegg veit at vegane inn til Vangsnes og Hella er smale, så seier det seg sjølv at dette ikkje kan gå i lengda, seier Målsnes til NRK.

– Må få fart på tunnelen

Han meiner at dette også syner kor viktig Vikafjellet og Rv 13 er når det skjer hendingar som stenger det som i utgangspunktet skal vere stamvegane mellom aust og vest.

– No må politikarane forstå at dei må setje fart i arbeidet med å få realisert Vikafjellstunnelen. Tenk om dette i Gudvangen hadde skjedd midt på vinteren, og både Vikafjellet og Hardangervidda hadde vore stengd, seier Målsnes.

Han er i full vigør med å selgje billettar til dei mange reisande då NRK ringer. Noko vi gjorde etter at han la ut ein status på Facebook som no blir delt av mange, ikkje minst på sørsida av Sognefjorden.

Facebook Målsnes

Faksimile av Facebook-meldinga til ferjematros Terje Målsnes.

Foto: facebook.com

Vil ha nattferje heile tida

Der skriv han mellom anna:

Tykkjer det er alt for lite trykk i media om kor viktig Vikafjellsvegen er no då europavegen er stengt (...) skunda fram tunnelen, teink den dagen dette skjer om vinteren og hardangervidda er stengt, då blir det kaos då, med alle to aksla trailara frå fremande land so skal over fjellet vist det er ope.kva med og få nattferje for oss fastbuande og , mi meinig er at det burde våre to avgangar om natt heile året.
so no kjære politikara har de noko og tygga på fram til valget !!!!
God natt frå frå meg so har gått 4 turar med bilar i natt !!!!!!!!!!!

Full støtte frå ordføraren

Ferjematros Målsnes får full støtte frå ordføraren i Vik, Marta Finden Halset. Ho meiner at ein sjølvsagt ikkje skal utnytta det at det skjedde ei alvorleg ulukke i Gudvangatunnelen.

– Men dette syner svært tydeleg kor viktig det er med eit heilårssamband frå Vinje til Vik. Vi er heldige som har Vikfjellstunnelen inne i NTP, men det er i siste periode. No må vi stå på vidare for å sikre oss at tunnelen blir realisert, seier Finden Halset til NRK.

Kraftig trafikkauke

Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen, Nils Magne Slinde, seier at dei naturleg nok har registrert ein kraftig auke i trafikken etter ulukka i Gudvangatunnelen.

– Første veka registrerte vi ein trafikkvekst på om lag 40 prosent, men dette vil no ha stabilisert seg i høve folk sine køyremønster. I mellomtida har jo også Hardangerbrua blitt opna, seier Slinde.

Statens Vegvesen vil ikkje gå ut med nye trafikktal før stenginga av E16 i Gudvangen er oppheva, opplyser Slinde.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå