Lidvin Osland meiner det er heilt avgjerande at ein nasjonal arkitektkonkurranse blir lyst ut i løpet av få veker. Den tidlegare fylkeskulturdirektøren fryktar kva som kan skje med eit eventuelt heimkjøp av Astrup-kunsten dersom ein ikkje får fortgang i dette arbeidet.
På Meieritomta
Det nye kunstmuseet til 50 millionar kroner skal liggje på den såkalla Meieritomta i Førde sentrum. Selskapet Futurum AS eig denne tomta.
Positive
Styreleiar Otto Wiger seier til NRK Sogn og Fjordane at han er positiv til ei snarleg utlysing av arkitektkonkurranse. Det er òg den andre parten, Sogn og Fjordane kunstmuseum, men styreleiar Arild Bergstrøm kan ikkje lova at ein arkitektkonkurranse blir lyst ut før april.