– No er det vår tur til å få avklart kva som skal skje og få på plass ei tomt til klubbhuset, seier leiar i Tønjum skyttarlag, Jarle Offerdal.
Ni månadar etter storbrannen i Lærdal, der 71 menneske vart huslause og 40 bygningar vart slukte av flammane, står det framleis mykje arbeid att. Atterreisingsarbeidet er godt i gang, og i nokre av husa som trong renovering etter brannen er det på ny kome lys og folk inn. Husa som må byggast opp frå botnen er tidlegast innflyttingsklare til jul. Medan andre bygningar framleis står på vent. Skyttarlaget meiner dei har venta lenge nok.
– Vi treng å kome vidare med arbeidet. Dersom vi må bygge huset ein annan stad, så kan det også medføre kostnadar for kommunen, for då forventar vi ferdig opparbeidd tomt av kommunen, seier Offerdal.
- LES OGSÅ:
Ynskjer å bruke tomta til bustadar
Eit samrøystes formannskap har gått inn for å vurdere om tomta der klubbhuset låg skal nyttast til andre formål etter brannen.
– Vi må sjå på om det er rett at bygget ligg der det har vore eller om det skal vere andre stader, seier ordførar Jan Geir Solheim.
Skyttarhuset stod klart i 2005, og ligg ved sidan av skøytebana og idrettsbana. Når brannen sine herjingar vart så omfattande, meiner kommunen det er naturleg å sjå på om arealet som må byggast opp frå grunnen uansett, kan utnyttast på anna vis, då fortrinnsvis til bustadtomter.
– Vi må ta nokre val, sjå på plassering og også korleis og kor stort huset skal vere. Men eg forstår frustrasjonen hjå skyttarlaget og at dei ynskjer å få ei avklaring, seier Solheim.
Dalande interesse for skyttarlaget
Skyttarlaget har heile tida vore klare på at dei som mista husa sine skulle prioriterast på prosjektering, kommunal forvalting og bygging. No som dei fleste av desse har fått klarsignal og arbeidet er godt i gang, meiner skyttarlaget det er på høg tid at dei er neste prosjekt ut.
– Vi ser at det tærer på medlemmar og aktiviteten vår. Rekrutteringa er avhengig av at vi har eit lokalt anlegg. Å reise til Aurland er veldig tungvint. V får berre til ei trening mot to tidlegare, seier Offerdal.
- LES OGSÅ:
Krev avklaring før jul
Klubben har kring 50 aktive medlemmar. I tillegg husa klubbhuset også pistolklubben med 20–30 medlemmar samt jeger- og fiskelaget. Idrettslaget heldt også til i bygget.
– Det må vere mogleg å få ei endeleg avklaring på tomtespørsmålet og kommunale løyvingar til medfinansiering i kommunen sitt desembermøte. Då kan vi gå i gang med byggesøknad, prosjektering, og kanskje stikke spaden i gjorda på våren, seier Offerdal.
Ein rapport om alternativ plassering er nyleg oversendt kommunen, og ordføraren meiner det er håp for å klare å ha ei avklaring i desember.
– Eg håpar vi får ei sak på bordet i formannskapet 11. november, og kan jobbe fortløpande deretter, seier Solheim.