Hopp til innhold

Krev fond for vegreparasjonar etter naturskade

– Klimaendringar og oftare hendingar med ras og flaum som øydelegg fylkesvegnettet, gjer at vi treng eit fond til å ta kostnadane, seier fylkesordføraren.

Utvik. Flomskader. 2 dagar etter.Jenny Følling. Terje Søviknes. Sven Flo.

UTVIK FRISKT I MINNE: – Det som er sikkert er at vi må rydde opp, få i stand vegane att og ta konsekvensen av naturkatastrofane. Det kostar og naturkatastrofar veit ein ikkje om på førehand. Her er Jenny Følling på saumfaring i Utvik saman med Terje Søviknes og Sven Flo etter flaumen i sommar.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Fylkeskommunen har store kostnadar med å reparere fylkesvegnettet etter naturkatastrofar. Dette kan gå ut over dei andre tenestene dei har ansvaret for, som til dømes vidaregåande skular, tannhelse og næringsutvikling.

Difor krev fylkestinget i Sogn og Fjordane at det blir oppretta eit fond for oppbygging av fylkesvegnettet etter naturskadar.

– Tala er oppsiktsvekkande. Vi tok over eit større vegansvar i 2010. Frå då til no har kostnadane vore på rundt 300 millionar. Dette inkluderer flaumen i Utvik. Staten kompenserer med 117 millionar, noko som er under 50 prosent. Dette rammar økonomien vår veldig tungt, fortel fylkesordføraren Jenny Følling.

Nokre fylke blir hardare råka

Ho seier Sogn og Fjordane har rundt 30 prosent av naturskadane, men også nokre andre fylke er spesielt hardt råka.

– Fylkestinget har spelt inn dette forslaget fordi vi ser at nokre få fylke vert ekstra råka. I tillegg til Sogn og Fjordane, som har ein tredjedel av desse utgiftene, har vi Hedemark, Oppland og dei to trøndelagsfylka.

Vegen til Undredal teken av flaumen i oktober 2014

UNDREDAL 2014: – Vi er eit av fylka med mest vegnett pr. innbyggar. Folk bur spreidd og ekstremvêr råkar oss hardt når naturen og topografien er slik som den er, seier Følling.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fylkeskommunen har spelt inn at dei ønsker eit naturskadefond som tek desse ekstraordinære høge kostnadane.

– Då Statens vegvesen kom med innspel til Nasjonal transportplan, kom dei opp med same modellen.

Kostnadar utanfor budsjettet

– Vi får klimaendringar og oftare ras og flaum som øydelegg fylkesvegnettet. Det er av eit slikt omfang at ein rett og slett må ha eit fond som går inn og tek kostnadane. Naturkatastrofar råkar tilfeldig og er vanskeleg å budsjettere med, seier Følling.

Følling seier det trengst ei anna og meir treffsikker ordning. Naturkatastrofane skjer stadig oftare og har stadig større omfang. Det er grunnen til at det må etablerast eit naturskadefond.

Veg rasa ut i Utvik flaumen

UTVIK 2017: – Ekstrem-nedbør råkar vegnettet vårt hardt i fylket. Vi har bratte fjell, fjordar og mykje bruer, seier Følling. Her rasar brua på fylkesveg 60 ut.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi har sendt eit brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet der vi viser til oversikt over kostnadane vi har og ber dei ta tak. Vi vil jobbe vidare og trykke på politisk for å få gjennomslag.

Ho seier det er viktig for å ha eit godt fylkesvegnett i framtida.

– Får vi det ikkje på plass er vi mindre i stand til å drifte vedlikehald og førebygge skadar. Det er eit viktig prinsipp som fylkestinget står samla bak i den gitte høyringsutalinga.