Hopp til innhold

Krev folkerøysting om samanslåing

MÅLØY (NRK): Denne veka blir innbyggjarane i Vågsøy ringt opp for å seie sitt om samanslåing med Flora. Partiet Raudt meiner det ikkje er nok.

Geir Oldeide

FOLKEENGASJEMENT: Geir Oldeide i Raudt håpar at mange i kommunen vil skrive under på oppropet om folkerøysting om Kinn kommune.

Foto: Kristin A. Oldeide

– Uavhengig av kva ein meiner om avtalen og kommunesamanslåing, så er det eit viktig poeng å ha ei folkerøysting, seier Geir Oldeide i Raudt Vågsøy.

Han var ein av 150 personar som hadde møtt fram til folkemøte om samanslåingsplanane mellom Flora og Vågsøy. I nærast rekordfart har dei to kommunane utan felles grense vorte samde om nye Kinn kommune med hovudsete i Florø. Bremanger som ligg midt mellom har gjort det klart at det ikkje er aktuelt for dei å slå seg saman med nokon.

– Eg syns ikkje avtalen er noko å gå vidare med, for Bremanger manglar. Å berre ha Vågsøy og Flora er ein for dårleg avtale, seier Oldeide.

Fryktar lågt oppmøte ved folkerøysting

Han nytta møtet til å lansere ein underskriftskampanje for å få ei folkerøysting i samband med planane om Kinn kommune. Kommunestyret i Vågsøy har tidlegare vedteke at innbyggjarane blir høyrde gjennom ei innbyggjargransking på telefon, og inga stor folkerøysting.

Ola Teigen og Kristin Maurstad framfor ordførarveggen i Vågsøy.

GODT MØTE: 150 innbyggjarar i Vågsøy hadde møtt opp til møtet og over 3500 følgde den overførte sendinga på nett. Vågsøyordførar Kristin Maurstad (Ap) og Floraordførar Ola Teigen (Ap) var positivt overraska. – Det kom gode innspel, og vi kan ikkje forvente at alle er samde med oss, seier Maurstad.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det vil gje eit godt svar. Då er vi konkrete på det som det blir spurt om og vi er sikra deltaking. Førre folkerøysting var det låg deltaking og vanskeleg å ta omsyn til resultatet, seier Morten Hagen frå Høgre.

Då innbyggjarane i Vågsøy sist gjekk til valurnene for eit knapt år sidan sa 56 prosent av dei som røysta ja til å slå seg saman med Selje og Vanylven. Men, berre 25 prosent av innbyggjarane sa si meining. Med dette som bakteppe er heller ikkje ordførar Kristin Maurstad frå Arbeidarpartiet gira på å gjere om på kommunestyrevedtaket.

– Eg deler Morten Hagen sine vurderingar om folkerøysting kontra innbyggjarhøyring. Folk blir ringt opp frå og med torsdag, så får vi ein rapport 17. mars og så skal saka opp i formannskapet 20. og i kommunestyret 23. mars, seier ho.

Legg ut underskriftslister

Geir Oldeide i Raudt håpar å engasjere nok folk slik at han får med seg politikarane på ein snuoperasjon.

– Vi må ikkje gjere slik at folk trur at fordi det er stor sjanse for å få nei, så vil ein ikkje ha folkerøysting. Det er det fare for at folk trur no. VI hadde folkerøysting på Seljealternativet, og ikkje no. Og skepsisen er mykje større no.

Maurstad deler ikkje uroa.

– Det står att å sjå på innbyggjarhøyringa kva folk meiner. Vi såg at få ynskte å røyste sist, og det er deler av grunnen til at det blir slik no.