Hopp til innhold

Krev folkerøysting om regionsamanslåinga

Ungdomsparti meiner samanslåingsprosessen med Hordaland og Rogaland har vore udemokratisk. Dei krev at folket får seie sitt.

Ruben Skrede og Silje Viktoria Vallestad vil ha folkerøysting om regionreforma.

ENGASJEMENT: – Dette handlar dei unge og vår framtid, seier Silje Viktoria Vallestad (AUF) og Ruben Skrede (Senterungdomen).

Foto: Sondre Lingås Haukedal

– Dette er ei alt for stor sak til at folk ikkje skal få seie noko om det. Ein skal slå saman tre fylke. Då blir det feil at vanlege folk ikkje får uttale seg, seier politisk nestleiar i AUF Sogn og Fjordane Silje Viktoria Vallestad.

Saman med Senterungdomen jobbar dei no for å få saka ut på ei rådgjevande folkerøysting. Avtalen om den nye Vestlandsregionen vart klar denne veka etter lange forhandlingar. Saka skal opp på fylkestinget i oktober, og ei endeleg sluttavtale skal vere på plass i løpet av desember.

– Denne saka har ikkje føregått i lyset. Vi syns tre månadar er kort tid å behandle noko så massivt, så då er det på sin plass at folket blir høyrt, på same måte som i kommunereforma, seier Ruben Skrede, politisk nestleiar i Senterungdomen.

Jenny Følling i korridorane

FYLKESTINGET: Fylkesordførar Jenny Følling har forhandla fram avtalen med Rogaland og Hordaland. Ho vil ikkje seie verken ja eller nei til folkerøysting i dag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Handlar om vår framtid

Dei fortel at mange ungdommar er engasjerte og har ei meining om saka, og er ivrige etter å diskutere den. Kring 120 unge skreiv i løpet av to dagar under på eit opprop for å få gjennomført ei folkerøysting, og no håpar ungdomspartia at dei blir lytta til.

– Dette handlar om vår framtid og kva vi skal ha å kome tilbake til. For oss handlar det ikkje om 2025, men 2050 og 2060. Når vi skal kome tilbake og busette oss her, så må vi ha noko å kome tilbake til, seier Vallestad.

Fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet vil i dag ikkje seie om saka bør ut på folkerøysting eller ikkje.

– Vi har forhandla fram eit resultat, og no er det fritt fram for folk å diskutere. No skal fylkestinga i dei tre fylka bestemme korleis saka skal behandlast vidare, seier Følling.

Den unge partifellen, Ruben Skrede, er klar i argumentasjonen på kvifor dei folkevalde bør tilrå ei folkerøysting.

– Ved fylkestingsvalet for eitt år sidan så var ikkje denne saka på dagsorden. Vi stemte ikkje inn politikarane på denne saka, for dei var ikkje tydelege på kva dei meinte om det, og eg trur denne saka er så ekstraordinær at folket bør høyrast.