NRK Meny
Normal

Krev folkerøysting om bompengar

Nesten ingen møtte opp på folkemøte om bompengering rundt Førde. Men engasjementet og motstanden er stor, det meiner Frp som krev folkerøysting.

Ove H. Håkonsen

FOLKERØYSTING: Det er viktig at folk får sagt mi meining, det meiner Ove H. Håkonsen i Frp som vil ha ei folkerøysting om bompengar i Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Vi meiner meiningane til folk på gata må bli høyrde, seier bystyrerepresentant Ove H. Håkonsen i Førde Frp.

Ser eit veldig engasjement

For å sikre betre vegar i fylkets største by ser det ut til at folk flest må ta ein stor del av rekninga. Halvparten av summen for Førdepakken er det bilistane som skal ta, og det blir lagt opp til at 750 millionar kroner skal hentast inn gjennom bompengar.

Men Frp meiner fleirtalet ikkje vil ha bompengar, og krev ei folkerøysting for at innbyggjarane skal kome til orde.

– Folk er engasjert i dette, spesielt folk i gata. Også på Facebook ser ein at folk engasjerer seg veldig, seier Håkonsen som fortel at han har blitt kontakta av fleire som er negative til bompengar.

Vil koste mellom 18 og 20 kroner

Allereie om to år kan det kome opp fem bomstasjonar i og rundt Førde. I forslaget frå Førdepakken AS blir det lagt opp til eit takstnivå på mellom 18 og 20 kroner, og ein ser også for seg eit passeringstak på 30 passeringar i månaden.

Det vil seie at det vil kunne koste rundt 600 kroner per bil i månaden.

– Forslaget er eit rimeleg enkelt system der ein betalar ein gong når ein køyrer til Førde sentrum, eller gjennom Førde sentrum, sa Helge Hopen som har utarbeidd rapporten saman med Rambøll AS til NRK.no tidlegare i veka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bomring i Førde

HER VIL DEI HA BOMMANE: Det vert lagt opp til to bommar på E39, éin på vestsida før rundkøyringa ved Førde hotell, éin på austsida på Bruland aust for Farsund Bygg, på riksveg 5 ved sørenden av Klettentunnelen, i Angedalsvegen mellom Kyrkjevegen og avkøyrsla til Presteholten og på fylkesveg 484 ved brua Kronborg-Vie. Det er i tillegg lagt opp til ein sjette bomstasjon på brua som er planlagd mellom Halbrendsøyra og Øyrane.

Foto: Rambøll AS

Krev folkerøysting

Men folk vil ikkje ha bompengar, det kjenner Ove H. Håkonsen seg trygg på. Han likar ikkje at folket si meining ikkje har blitt høyrt, og meiner det må til ei folkerøysting.

På nettstaden minsak.no har han difor oppretta sak om krav om folkerøysting, og på ei knapp veke har det kome inn 365 underskrifter.

Det er godt over den 251 underskriftene det er krav om, og bystyret i Førde må no ta stilling til ei eventuell folkerøysting.

– Bystyret har tidlegare teke eit val om at det ikkje skulle vere ei folkerøysting, men det meiner vi er feil. Folk i gata må bli høyrde, og difor har eg lagt ut denne avstemminga, seier Håkonsen.

Trur mange kan ha mista motet

På eit folkemøte om bompengar rundt Førde tidlegare i veka møtte det knapt 30 til 40 personar. Det betyr slett ikkje at folk ikkje er engasjerte, meiner Håkonsen.

– Eg har ein liten mistanke om at folk har byrja resignere fordi politikarane har stått så hardt på dette. I tillegg blir det dårleg reklamert for slike folkemøte, og då får ikkje alle det med seg, seier Håkonsen.

Sjølv om oppropet på minsak.no allereie har nok underskrifter til at bystyret i Førde må ta stilling til det, trur Håkonsen lista over underskrifter vil vekse seg mykje lenger.

– Eg har trua på at vi får inn fleire tusen underskrifter, seier han.

Han viser til at dei ikkje har fronta avstemminga til no, og trur lista vil vekse etter kvart som folk får kjennskap til den.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

No kan også Førde få sin bompengering...
I ein plan som blei presantert i ettermiddag blir det foreslått bompengestasjonar på desse stadane. Prisen blir rundt 20 kroner, og dette skal finansiera eit nytt vegsystem rundt sunnfjordsbyen.

– Fleirtalet vil ikkje ha bommar

For vel to år sidan fekk Frp utført ei meiningsmåling om bompengar rundt Førde, og eit fleirtal på 52,9 prosent av dei spurte var då negative til bompengar, medan 28,6 prosent av positive, og 18.5 prosent av dei spurde ikkje hadde noko bestemt oppfatning.

Håkonsen trur motstanden har blitt endå større no når bommane er like rundt hjørnet.

– Eg trur engasjementet rundt ei folkerøysting vil vere endå større, og vi vil få eit meir reelt tal.

– Eg trur fleirtalet vil lande på at det ikkje bør vere bommar, seier Håkonsen.

– Folk har allereie betalt for vegar

FrP-politikaren meiner innbyggjarane allereie har betalt for vegane gjennom vegavgifta, og meiner ein ikkje skal måtte vente i årevis på betre vegar dersom ein ikkje vil godta bompengar.

– Bilistane har allereie betalt inn desse pengane for å få vegar. Kvifor kjem ikkje pengane tilbake til veg då, det er det som er spørsmålet.

– Men då kan ein måtte vente i tiår før ein kjem på rett plass i køen?

– Pengane er i systemet, og det er betre at vi lånar dei ut til våre eigne innbyggjarar, enn at vi lånar det ut til utlandet, seier FrP-politikaren.

– Fornuftige politikarar vil ta riktig avgjerd

Ordførar Olve Grotle (H) seier til NRK at folk har fått sagt sitt om kva dei meiner om bompengar i og med at det også var tema i valkampen. Han meiner også at det er ei brei forståing blant folk i Førde om kvifor bompengar er naudsynt for å få til ein framtidsretta infrastruktur i Førde.

Håkonsen på si side har trua på at det blir noko av. Det veldige engasjementet er ikkje noko ein berre kan dytte under teppet, meiner han.

– Eg håpar at politikarane tek dette innover seg, og at vi får gjennomført ei folkerøysting.

– Fornuftige politikarar vil ta dette til seg og ta ei riktig avgjerd.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.