Krev fleire ambulansar til distrikta for å berge liv

Lærdal kommune er ein av 75 kommunar som ikkje innfrir krav om responstid ved utrykking. No vil ordføraren kjempe for å få fleire ambulansar til distrikta.

VIL HA FORBETRING: Ambulanseforbundet vil forbetre grunnlaget for responstid under utrykking.

VIL HA FORBETRING: Ambulanseforbundet vil forbetre grunnlaget for responstid under utrykking.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

I desse dagar reiser Ambulanseforbundet rundt i norske kommunar, der formålet er å setje ambulansane si responstid på dagsorden.

I alt vert 86 kommunar vitja, og berre ni av dei oppfyller krava. Tala frå 2017 er henta frå Helsedirektoratet, som igjen har fått dei tilsendt frå dei ulike helseregionane.

Leiaren for Ambulanseforbundet, Ola Yttre, gjennomfører rundreisa som i alt vil ta ni veker. Han håpar på å vekkje til live ein debatt blant politikarar, som kjem landets innbyggjarar til gode.

– Me har hatt ei anbefalt responstid på sjukebilar i over 20 år, men det har ikkje hjelpt. Politikarar har ikkje strekt seg mot dette.

Ola Yttre sitter bak rattet under hele turneen som Ambulanseforbundet i Delta og LHL kjører i gang f

IKKJE NØGD: Ola Yttre meiner politikarane ikkje gjer nok for å minimere responstida til ambulansar i utrykking.

Foto: Martin Müller / Delta

Ifølgje forbundsleiaren er målet med turnéen å få ei lovpålagd responstid.

– Ein ser stadig vekk at politikarane fjernar sjukebilar. Det går utover responstid og til sjuande og sist, befolkninga. Me ønskjer difor å få ei lovfesting på responstid for å betre forholda.

Fryktar fleire liv vil gå tapt

Ein av kommunane som ikkje tilfredsstilte ambulanseforbundet sine krav om responstid, var Lærdal. Kommunen som har eige sjukehus, ambulanse og moglegheit for luftutrykking var i gjennomsnitt to minuttar over det forventa kravet på 25 minutt.

Synnøve Orrestad Hagen, som jobbar som ambulansefagarbeidar i Lærdal, opplever dei store avstandane som må dekkast som svært frustrerande.

Ambulansefagarbeidar Synne Orrestad Hagen må dekkje store område ved utrykking.

UTFORDRANDE: Ambulansefagarbeidar Synne Orrestad Hagen må dekkje store område ved utrykking.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Utfordringane er å komme tidsnok fram for dei som bur lengst vekk. Me kan bruke 25–30 minutt, og i verste fall kan dette ha fatale konsekvensar.

Så lenge ambulansetilbodet er som det er, trur ho ikkje det er mogleg å gje eit betre tilbod til dei trengande i distriktet.

– Det er leit, men det er fordi Sogn og Fjordane er sopass spreidd med høve innbyggjarar og kart.

Vil ha fleire ambulansar

Ordførar i Lærdal kommune, Jan Geir Solheim (Sp), er ikkje nøgd med resultatet. Solheim tykkjer det er skremmande at ein kommune som er så godt rusta, ikkje har ei raskare responstid.

Ola Yttre Deler ut diplom som syner at Lærdal ikkje innfrir ambulanseforbundets tidskrav

DIPLOM MED BISMAK: Ola Yttre gir Ordførar Jan Geir Solheim diplomen som syner at Lærdal ikkje innfrir ambulanseforbundets tidskrav om respons ved utrykking.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Sjølv om det dreidde seg om to minuttar, så er dette vesentleg fordi vi har gode tenester innan dette området. Om Lærdal ikkje klarar å innfri krava, så seier det seg sjølv at mange andre kommunar ikkje kjem til å klare det heller.

Solheim meiner at dei store geografiske avstandane gjer at distriktet er avhengige av å ha fleire ambulansar tilgjengelege for å kunne nå fram tidsnok under utrykking.

– Me har lange avstandar, og då er desse ambulansane rullande sjukehus. Me må ha fleire ambulansar i vår region, og i heile landet, og det må vere plassert på ein sånn måte at me innfrir krava overalt.