Hopp til innhold

Krev fengsel for valdtektstiltalt

Statsadvokat Rudolf Martin Christoffersen (biletet), krev fengsel i seks år og åtte månader i fengsel for ein mann i 30-åra som er tiltalt for gruppevaldtekt i Sogndal i fjor vinter.

To andre medtiltalte er alt dømde til lange fengselsstraffer for gruppevaldtekt. Begge har anka dommane.

Mannen som no sit på tiltalebenken skulle eigentleg ha svara for den alvorlege tiltalen i februar i år, men då møtte han ikkje fram i retten.

Forsvararen hans, Bjørn André Gulstad, sette fram krav om at klienten hans vert frifunnen då saka vart avslutta i Sogn og Fjordane Tingrett.

– Utifrå bevispresentasjonen i saka, slik den vart presentert i retten, så meiner eg det er såpass mange usikre moment i forklaringa til fornærma, og til dels usanningar, at klienten min må frifinnast. Kliententen min har og forklart seg om hendingsgangen som på mange måtar viser seg å stemme. Det kjem og ganske klare utsegn frå fornærma som underbyggjer at ho aldri var i den tilstanden som lova krev, seier Gulstad til NRK.

Sogn Avis skriv i dag at bistandsadvokaten til kvinna krev at den tiltalte mannen skal betale oppreising til henne på mellom 200.000 og 300.000 kroner. Dei to andre mennene vart dømde til å betale kvinna 175.000 kroner kvar.

Politiadvokat Rudolf Christoffersen i retten i Førde
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK