Hopp til innhold

Krev fast ambulanse

Ordførar Noralv Distad i Aurland krev at dei får igjen ein fast stasjonert ambulanse i kommunen, skriv Sogn Avis. Berre i sommar har det vore to tilfelle der turistar har blitt sjuke og skada seg. Den eine gongen tok det kring 40 minuttar før ambulansen på var på plass, medan det siste gongen tok kring kring ein halvtime. Distad minner at det om sommaren til ei kvar tid er kring 6000 menneske som oppheld seg i kommunen.

Noralv Distad, ordførar i Aurland
Foto: Noralv Pedersen / NRK