Liv kan gå tapt om ikkje kommunen tek ansvar og åtvarer besøkande mot dei farlege straumane ved den populære badestranda Hoddeviksanden. Det seier Magnar Årsheim frå Stadlandet til Fjordenes Tidende. Laurdag denne veka er det på dage sju år sidan ein ung mann omkom i bølgjene ved stranda.
- Må skiltast betre
Hoddevik i Seje. (Foto: NRK)
Drukningsulukka for sju år sidan skjedde i undervassstraumane ved sørsida av den lange Hoddevikstranda, som vender rett ut mot storhavet i vest. I dag finst det eit skilt som åtvarer mot akkurat dette området, men det er ikkje nok, meiner Årsheim.
Private strender
Strendene tilhøyrer private grunneigarar, men rådmann i Selje, Reidar Sandviknes, lovar å gjere sitt for at skiltinga skal bli betre.