NRK Meny
Normal

Krev erstatning frå politiet

Einar Kåre Heggedal frå Bryggja i Vågsøy krev no over ein million kroner i erstatning frå Sunnmøre politidistrikt etter å ha fått ei falsk politimelding om valdtekt mot seg.

Einar Kåre heggedal
Foto: NRK

I to månader vart han etterforska for valdtekt av ei kvinne, men seinare trekte ho politmeldinga.

Heggedal meiner politiet burde ha avslutta saka langt tidlegare.

- Eg kan ikkje seie meg nøgd med den jobben dei har gjort så lenge viktige bevis aldri er festa på papir, og vitne ikkje er avhøyrde.

- Total isolering

Det var i september 2003 at Heggedal vart politimeld av den tidlegare elskarinna si for valdtekt. Politiet kom på døra til mannen og sette han seinare i glattcelle. I over to månader etterforska politiet saka før dei la ho vekk. Elskarinna hadde då trekt politimeldinga, og vedgjekk at ho hadde gjort noko straffbart, men politiet gjekk ikkje vidare med saka. For Heggedal vart det ei tøff tid.

- Eg ser på det som den dårlegaste perioden i livet mitt. Det vart tøft jobbmessig og økonomisk, og eg opplevde total isolering i bygda, ei lita bygd der alle kjenner alle, så det var ikkje så enkelt.

Greidde ikkje halde på jobben

Politimeister Arne Karoliussen var ikkje tilgjengeleg for kommentar i går. Og det var ikkje andre i Sunnmøre politidistrikt som kunne kommentere saka. Men advokat for mannen, Øyvind Panzer Iversen, har altså no på vegne av klienten sin søkt Sunnmøre politidistrikt om nærare 1,1 million kroner i erstatning.

- Det er for inntektstapet han vart påført. Belastninga vart så stor at han ikkje greidde å halde på jobben sin, og han måtte ta anna arbeid som var mykje dårlegare betalt. Dermed har han eit tap både bakover i tid og langt framover i tid, og det må dei ansvarlege dekke for han, seier Iversen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser