Hopp til innhold

Krev erstatning frå 4H

Jølster Rafting krev erstatning frå 4H, etter at den planlagde raftinga søndag og måndag vart avlyst grunna svineinfluensautbrotet på leiren.

Jølster rafting

Arkivfoto: Rafting i Jølstra.

Foto: Erik K. Steinset

Det skriv avisa Firda

400 leirdeltakarar skulle ha delteke på rafting i Jølstra-elva, men 4H måtte avlyse alle planar for å unngå at smitten spreia seg.

Bedrifta har tapt 180.000 kroner i omsetnad på at arrangementet vart avlyst. Det er uvisst kor mykje av dette bedrifta vil kreve å få erstatta.

4H-konsulent Åge Avedal seier han trur dettte ikkje vert noko problem.

- Vi er i ein dialog med Jølster Rafting for å finne ei løysing, fortel han til NRK Sogn og Fjordane.

  • Les om svineinfluensa-utbrotet på Breim.