Hopp til innhold

Krev ekstraordinært møte

Kommunestyregruppa til Sogndal Høgre krev at det snarast blir halde eit ekstraordinært kommunestyremøte med Sogn barnevern som einaste tema. Bakgrunnen for kravet er tilsynsvurderinga frå Fylkesmannen som gjeld barn som var under Sogn barnevern sin omsorg og som i februar 2016 vart funnen død i fosterheim. Dette kjem fram i eit brev som vart sendt til ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i går. Det melder Sogn Avis.