Krev ekstra fotballkretsting

Fleire fotballklubbar med Sogndal i spissen jobbar no for å få gjort om vedtaket om innføring av niarfotball for 14-åringane.

Sognefjord Cup 2011

MINDRE BANE: Med niarfotball blir banestorleiken redusert.

Foto: Bård Siem/NRK

For vel ein månad sidan vedtok eit leiarmøte i Sogn og Fjordane fotballkrets at det skal innførast niarfotball for denne aldersgruppa alt frå komande sesong. Det inneber at det skal vere ni spelarar på kvart lag i staden for 11, og bana blir litt mindre enn i ellevarfotball.

Tonje Norheim

- VANSKELEG FOR SOGNDAL: Tonje Norheim Tangerud.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ikkje imot niarfotball

Men dette vedtaket fall ikkje i god jord hjå fleiree av dei store klubbane, og no har Sogndal Fotball teke initiativet til eit forsøk på å få gjort om vedtaket. Tonje Norheim Tangerud er leiar for breiddefotball i Sogndal Fotball, og ho håpar ho får mange nok lag med på kravet.

– Vi er ikkje imot niarfotball, men vi ynskjer at det bli lov for dei laga som ynskjer det å spele ellevarfotball. For oss i Sogndal blir det svært vanskeleg å gje tilbod til alle dersom det berre blir niarfotball.

Dei krev at det blir kalla inn til eit ekstraordinært kretsting som skal ta stilling til eit framlegg om å gjere om vedtaket på leiarmøtet. I så fall må Sogndal få støtte frå 23 lag til. Og ho har ikkje særleg lang tid på seg.

Må vere 24 lag bak kravet

Skal det bli noko av det ekstraordinære kretstinget må det avviklast innan utgangen av januar. Med 14 dagars innkallingsfrist betyr det at 24 lag må stå bak kravet innan 14. januar.

Tonje Norheim Tangerud trur dei skal greie det innan den fristen.

– Det er gledeleg at også mindre lag som gjerne vil ha niarfotball støttar oss. For det er viktig å presisere at vi vil ikkje niarfotballen til livs, vi vil berre at det og skal bli opna for ellevarfotball.

Sognefjord Cup 2011

INNFØRT ALT I ÅR? Dersom det ikkje blir ekstraordinært kretsting blir det niarfotball denne sesongen.

Foto: Bård Siem/NRK

– Håplaus banesituasjon

Jarl Helle er leiar av breiddefotballen i Jølster IL. Han seier at dei vil støtte kravet om ekstraordinært ting, sjølv om dei ikkje er imot niarfotball.

– Vi meiner vedtaket om at det berre skal vere niarfotball kom litt brått på, vi meiner det er lurt å vente litt med det, iallfall til neste sesong.

I Sogndal fortel Tonje Norheim Tangerud om ein problematisk situasjon dersom dei blir tvinga til å spele niarfotball komande sesong.

– På gutesida har vi fire overfylte niarlag, på jentesida blir det tre lag. Det blir svært vanskeleg å gje eit godt tilbod til alle, og det skal jo vere eit breiddetilbod. Og banesituasjonen blir håplaus når vi skal trykke fleire lag inn på dei same banene.

– Uproblematisk

Leiinga i Sogn og Fjordane Fotballkrets avventar no situasjonen, seier leiar Robert Endestad.

– For oss er dette heilt uproblematisk. Så lenge ein tredel av klubbane har styrevedtak på at dei vil ha ekstraordinært kretsting så skal vi få det til, så sant det skjer innan 14. januar.

Det var styremøte i fotballkretsen i går kveld, men då hadde berre åtte klubbar gjort vedtak om å støtte kravet frå Sogndal. Idag har talet auka til 14, seier Endestad.

Robert Endestad

- UPROBLEMATISK: Leiar Robert Endestad i fotballkretsen.

Foto: Vegar Erstad / NRK