Det er vegdirektør Olav Søfteland som har bestemt at det skal vere to distrikt, med eitt kontor på Hermansverk og eitt i Førde.
Dei tilsette viser til at så godt som alle lokale instansar har gått inn for at det skal vere eitt vegdistrikt i Sogn og Fjordane. To distrikt vil føre til ei oppsplitting og utarming av eit frå før lite fagmiljø, meiner dei.