Hopp til innhold

Krev éin milliard kroner til frukt- og grøntsatsing

LÆRDAL (NRK): Frukt- og grøntnæringa vil ha ein milliard kroner frå staten for å auka den norske produksjonen, og med det møta etterspørselen i marknaden.

Harald Blaaflat Mundal

MORELLANE KJEM: Her skal det om nokre månader bogna over av morellar, håpar Harald Blaaflat Mundal. Han er fruktbonde og dagleg leiar i Lærdal Grønt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Me et om lag 15 kilo meir frukt, grønt, bær og poteter per person no enn i år 2000. For å møta den veksten, har me måtta importera meir frå utlandet.

– Me vil jo at den auken skal vera norsk frukt og grønt. Då trengst det ekstraordinære tiltak for at me skal klara det, seier Harald Blaaflat Mundal, fruktbonde og dagleg leiar i Lærdal Grønt.

Det nærmar seg årets jordbruksoppgjer. No ønskjer grøntprodusentane seg ein større del av kaka enn dei har fått før.

Klima og teknologi

I eit innspel til jordbruksforhandlingane ber Gartnerhallen, den største frukt- og grønt-aktøren i Noreg, om at staten set av 200 millionar kroner i året til næringa dei neste fem åra.

Pengane skal brukast til å auka produksjonen av norske frukt, bær, grønsaker og poteter gjennom eit vekst- og innovasjonsprogram.

Elisabeth Morthen, administrerande direktør i Gartnerhallen, skisserer fire område dei vil pengane skal brukast på:

  • Klimatilpassing: – Me ønskjer å vera betre rusta mot ekstremvêr og varige endringar i klima. Det er vel å bra med krisepakkar etter slik som til i sommar. Men me vil gjera landbruket meir robust mot slikt vêr i framtida, seier Morthen.
  • Investering i ny teknologi: – Det er veldig mange moglegheiter som bør takast i bruk, fortel ho.
  • Investering i veksthus: – Med fleire og større veksthus kan sesongen utvidast. Dessutan vil ein få meir klima- og energieffektiv drift.
  • Nye sortar: Dei ønskjer at det blir dyrka nye frukter og grønsaker i Noreg, som til dømes søtpotet. – Men også nye sortar av det me allereie dyrkar. Å testa nye kulturar og sortar er langsame prosessar som kostar mykje, fortel Morthen.

Veldig vêravhengige

Harald Blaaflat Mundal

GRØNT-SJEF I LÆRDAL: Harald Blaaflat Mundal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er lettare å satsa sparepengane sine på å prøva nye ting om ein har litt støtte i ryggen, seier Mundal, der han står mellom morelltrea i Lærdal.

Det er frå potten med pengar til utvikling og investering dei ønskjer å henta pengane. Kravet på 200 millionar i året er nesten ein tredel av pengane som var i den potten i fjor. Til samanlikning fekk dei i 2017 litt over 50 millionar kroner av dei pengane.

– Frukt og grønt er kanskje det mest vêrsensitive som er. Risikoen er høg, denne satsinga vil bidra til å redusera den risikoen.

– Lettare å prioritera grøntnæringa

Det er Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag som skal forhandla med staten om jordbruksoppgjeret. Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag, tykkjer innspelet er positivt.

Anders Felde

BONDELEIAR: Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det vil gi eit meir klimatilpassa landbruk, samstundes som me aukar produksjonen av norsk mat. Det er positivt, seier han.

– Men om frukt- og grøntnæringa skal få meir, då må vel nokon andre i landbruket få mindre?

– Det blir ei vanskeleg avveging. Men me må løfta dei produksjonane der me importerer for mykje. Sånn sett er det enklare å prioritera grøntnæringa, enn til dømes gris, egg og sau, der det til dels er overproduksjon, seier Felde.